Søte sundagsjenter i sofaen

Kreativ kvinne?

Etter å ha fått barn tar sjølv eit lite handarbeidsprosjekt fleirfaldige veker. Mitt siste prosjekt starta for nokre veker sidan då TT og eg var på hobbyshopping “10 min frå Bergen sentrum” (som viste seg å vere eit stykke lenger vekke…). Målet for prosjektet var å lage ein såkalla multipose som eg kan ha ting og tang i. I går fekk eg endeleg tatt fram symaskina, men noko sying vart det ikkje før i dag. Og då eg var nesten ferdig skjønte eg at eg hadde gjort ein STOR feil, som eg ikkje orka å rette opp (for då måtte eg ta opp alt eg hadde sydd…).

Litt dårleg bilete i litt dårleg lys, men det går kanskje an å sjå at det er ein multipose - og kva eg gjorde feil…

Kanelbullens dag

4. oktober er det kanelbullens dag (lær meir om den spesielle dagen på svenske wikipedia). Det måtte sjølvsagt markerast. Eg baka bollar og gilde folk kom på besøk.

Oi! Sommaren er over.

Jammen har det ikkje snødd på Ulriken i natt. Og det ganske langt nedover fjellsida, til og med. Ute er det 4 grader og striregn. Flaks for meg at eg må skrive oppgåve, slik at mannen må trille tur med barnet.

Middagsfavoritt for mor og dotter

Barnet har i dag fått kinesarbix for første gong. Kinesarbix er kanskje ein ukjend rett for dei fleste, og namnet på retten har blitt diskutert i familien. Kan det verkeleg stemme at det heiter det? Uansett - kinesarbix var min absolutte favorittmiddag då eg var lita. Det var bestemor som serverte dette då vi var på besøk, og det er mange lukkelege barndomsminne med kinesarbix i hovudrolla (i alle fall i ei sentral birolle). I dag har altså dottera vår fått dette, og det fall straks i smak. For første gong åt ho opp heile middagsporsjonen sin, og det er tydeleg at kinesarbix allereie har blitt ein middagsfavoritt også for ho. Dersom nokon vil prøve å lage kinesarbix sjølv, kjem oppskrifta her (nok til ca 4 vaksne):

4 gulrøtter
3 lauk
200 g makaroni
400 g kjøtdeig
1 glas tomatpuré
karri
salt
pepar
vatn + buljong

Skjer gulrøtter og lauk i bitar. Steik kjøtdeig. Fres gulrøtter og lauk. Bland kjøtdeig, gulrøtter og lauk i ei gryte. Tilset vatn sånn at det dekker og ha i tomatpuré. Lat det koke i ca 20 min. Ha i makaroni etter kvart. Smak til med karri, salt og pepar. Server med salat og poteter eller brød. (Og dersom dette skal serverast til kids løner det seg å ta av ein porsjon eller tre før ein krydrar. Mos maten med stavmiksar og hiv ein porsjon eller to i frysen.)

Siste nytt

I dag:
- Vi har (endeleg!) fått hengt opp hyller på kjøkenet.
- Eg fann ei flaske på veg heim frå trening.
- Den nye vaskemaskina har vore flittig i bruk. No ristar den ikkje lenger så mykje når den sentrifugerar, noko eg trur dei som bur under oss er veldig glad for.

Det har blitt etterlyst bilete på bloggen, så her kjem eit badebilete:

Dagens fangst

På nytt er det helg, og på tide å spe på inntektene. Det såg dårleg ut på første trilleturen, då fann eg ingen flasker, til trass for at det var tidleg sundag morgon. Runde nummer to vart betre, og vi endte altså på fem fine flasker (og boksar). Eg kjenner meg litt rar som går rundt med barnevogna full av ølflasker og -boksar (for det er jo det eg finn mest av i helgene…), og er litt redd for kva barnevernet vil seie dersom dei oppdagar det…

PS: No har barnet vårt byrjå å seie ma-ma og ba-ba-ba-ba. Ganske kult. Og så har ho funne ut at det er spennande å liggje under bordet og dra i duken…

Endeleg!

Vi har blitt ein ordentleg småbarnsfamilie, for vi har fått oss mikrobølgeomn! No er lukka komplett: stasjonsvogn, Ole Brumm-solskjermar i bilvindauga, Duplo og Fisher Price, Tripptrappstol (frå det glade 70-tal) og no altså mikrobølgeomn. Sistnemnde kom ikkje i hus utan diskusjon, og det var den heimeverande husmora som sigra over kokken. No inviterer eg alle som vil på ostis!

Long time, no sea…

… som tørrfisken sa (for å trekke fram ein av yndlingsvitsane til engelsklæraren min på ungdomsskulen). Livet på bloggen er ikkje det det eingong var, men eg skal prøve å forbetre meg. Dagens posting skal uansett handle om framtida. Eg skal nemleg utvide permisjonen min ei stund ut i 2009, noko som inneber langt mindre pengar i kassa. Vi har ikkje sett opp noko budsjett, men vi satsar på at det skal gå bra. Kontantstøtte og barnetrygd er ikkje all verda, så i dag har eg funne meg ei binæring: flaskesamling (Den kan ikkje seiast å vere heilt ny, sidan nokon vil hevde at det ligg i genene mine, men likevel…). H og eg var ute og gjekk tur med barnet i dag tidleg, og sidan det var sundag morgon var det flust i flasker langs vegen. På første trilletur vart fangsten 8 flasker/ boksar, på andre turen 5. Det gir ei lønsutbetaling på 13 kr. Her er ei liste over kva dei kan brukast til:

- 1/2 pakke med graut til barnet
- ca 1 kg gulrøtter (kan bli mange middagar)
- 1 glas med ferdigmiddag til barnet
- ca 1/4 pakke bleier

Snakk om lønsam aktivitet!

Dåp

På oppfordring frå nokon eg kjenner legg eg ut bilete frå barnedåpen på sundag. Det var ein fin dag på alle måtar. Dåpskjolen har mamma og alle søskna hennar blitt døypte i, og den er truleg 100 år gamal. Veldig fin var den i alle fall.


På kyrkjetrappa


Stolte foreldre og besteforeldre

Og så kjem eit bilete av bebisen i den nye bereselen vi har kjøpt:

« Previous entries ·