Vinterferie!
February 28th, 2007 at 17:39 (Penalhuset)
I alle fall for ein dag. I morgon skal eg jobbe heime (planlegge Kristiansandstur, mellom anna), men på fredag har eg fri! Jippi! Planane for ferien ser sånn ut:
- lage milkshake i ny blendar
- bytte ut minst 4 av låtane i middelsprogrammet mitt (F&S)
- vaske inni komfyren
- vaske inni kjøkkenskapet
- stelle og stulle i heimen
- lese bok
- gå på ski
Så får vi sjå kva eg rekk på den eine dagen eg har ferie…
Lisjesøster said,
March 1, 2007 at 17:38
kan du høre på nettradio? Då kan du høyre på dei veldig kule sangane… Det er jo litt optimstisk at du skal ha CDen i handa i måra. Det er trass alt eit lite stykke til Hammerfest:)
Å! eg og vil ha vinterferie (sportlov som det heiter her i Sverige.)
Det vart kremig laxpasta på oss og…