Trening, helse, trivsel

I Hammerfest er ikkje treningstilbodet like godt som i Bergen, i alle fall ikkje viss det er aerobic ein vil trene. På eit treningssenter i byen er det plass til 18 stk aerobicarar, og der må ein skrive seg på liste viss ein vil trene. Det er eg ikkje så interessert i, og eg har difor tatt saka i eigne hender. Eg er ikkje heilt sikker på om dette eignar seg for publisering, men eg seier det likevel: Eg har skaffa meg to trenings-DVDar. Den eine heiter “Fat Burning for Dummies” og reklamerar med å vere “Den perfekte måten å komme i form på.” Den andre heiter “Aerolates - en spennende kombinasjon av pilates og aerobic som gir deg både styrke og kondisjon,” og hevdar å vere “den mest effektive metoden for fettforbrenning.” Eg må ærleg innrømme at det er ei noka spesiell kjensle å trene aerobic bak nedrulla persienner i si eiga stove, spesielt med H. som publikum. Men sidan både ver og manglande treningstilbod ikkje oppmuntrar til ein aktiv kvardag, er nok dette eit alternativ eg kjem til å bruke i ny og ne. Andre er herved oppfordra til å prøve det same.

Post a Comment