Testgym
April 6th, 2006 at 20:41 (Penalhuset)
Dei siste dagane har eg vore ganske nervøs og uroleg for det som skulle skje i dag. Friskis & Svettis skulle kome til byen, for å arrangere prøvetime, lodde stemninga for oppstart av F&S her og for å arrangere testgym for framtidige treningsleiarar. Eg hadde fått i oppgåve å hengje opp plakatar, men dei kom aldri i posten. I går stod det éi annonse om opplegget i lokalavisa, og eg var verkeleg spent på kor mange som kom til å møte opp.
Til slutt var vi 11 glade mosjonistar og to instruktørar frå Tromsø. Det var gode greier, og Astrid og eg gjennomførte både prøvetimen og testgymmen med glans. Så dersom alt går som det skal, blir det instruktørkurs på meg i Gøteborg frå Skjærtorsdag til 2. påskedag og oppstart av F&S i Hammerfest frå hausten av. Vi går spanande tider i møte.
Marie BA said,
April 6, 2006 at 21:14
Du er sporty, Ingeborg!! er skikkelig imponert, og synes forresten det er fantastisk gøy å lese på sida di! Du kan det med ord, kan en si
Så nå håper vi bare alt går som det skal!
god påske!!
Klem fra Marie
ps: forrige helg hadde jeg og Gunnhild besøk av Rita og Mona, og det var såå kos! Det var ikke så lenge siden jeg hadde sett de, men forrige gang Rita og Gunnhild var sammen var i 2003, og forrige gang Mona og Gunnhild var sammen var i … forrige årtusen??? nei, så drøyt var det vel ikke, men en god stund sida.
Lisje søster said,
April 8, 2006 at 10:38
Du er heldig. Eg skulle supergjerne ha vore med til Göteborg og på kurs med deg. Eg gler meg til å kome til Hammerfest og trene med deg.
DrLeiv said,
April 8, 2006 at 15:01
Gratulerer! Eg spelar fotball i Førdehuset kvar torsdag samstundes som Friskis og Svettis har trening. Eg har difor hatt muligheten til å vurdere musikkvalget til Friskis og Svettis instruktørane. Og det er ei stygg sak. Eg vonar du kan bringe dette vidare til den internasjonale Friskis og Svettis leiinga i Gøteborg.