Styrkeprøve

Ja, no har vi prøvd korleis det er å vere småbarnsfamilie med spysykja. Det heile starta på måndag, attpåtil med K.S. på besøk frå Tromsø. Eg har ikkje hatt omgangssykja sidan OL på Lillehammer, og eg synest det var litt uflaks (og trist) at eg skulle få det akkurat når K.S. var på besøk. Men ho takla det greitt, og fungerte svært godt som barnevakt. I går var det H. sin tur å bli sjuk, og eg tør nesten påstå at det er verre å ha ein sjuk mann enn å vere sjuk sjølv. Meir vil eg ikkje seie om den saka, men konklusjonen må vere at vi byrjar å meistre kvardagen som småbarnsfamilie når vi taklar ein omgang med spysykja.

1 Comment

  1. Åssy said,

    May 12, 2008 at 22:36

    (Nesten) verre med sjuk mann enn sjuk sjølv, det har vel vore ytra meir enn ein gong i vårt hus også. Lurer på kvifor. Meir tør ikkje eg å seie.

    Forøvrig, mykje omtanke og sympati til den sjuke familien! Eller, ikkje sidan 1994 sa du?! :-p Hah, berre vent til barnehagetider, då tar dei med seg sjukdom heim frå nokre dusin andre ungar også…

Post a Comment