Student for ein dag

I dag har eg vore på møte saman med dei andre IKT-rettleiarane på skulane i Hammerfest. Eg hadde utruleg nok ikkje så mykje å bidra med når dei andre prata om tynn-klientar (?), traller med berbare PC-ar og trådlaust nettverk. Møtet var frå 0830 til 1000, og den første ferja eg kunne ta til skulen går kl 1130. Då ville eg vere på skulen kl 1200 - akkurat når eg skulle vere ferdig med dagens undervisning. Difor fann vi ut at eg like gjerne kunne jobbe heime i dag. Rektor S. og eg er med på eit rettleiingsopplegg som heiter Ny i nord (rettleiing av nyutdanna lærarar som jobbar i Finnmark eller Troms). I samband med det skal vi skrive ulike tekstar om korleis det er å vere Ny i nord.

Og difor er det at eg er “student for ein dag,” som det står i overskrifta. Eg har gjort klart eit Word-dokument med linjeavstand 1,5 og rigga meg til med Läkerol, Pepsi Max og ullteppe, slik eg ofte gjorde då eg var student. Dessverre er også konsentrasjonen slik den ofte var då eg var student - ikkje spesielt god.

1 Comment

  1. anette said,

    December 2, 2005 at 11:08

    Takk for sjokkis!….men vi har funnet ut at thomas må gjemme boxen….og ta den fram når vi får besøk. Om ikke kommer den til å forsvinne fort ser du.. ;)

Post a Comment