Storbyweekend
January 31st, 2006 at 22:40 (Den kulturelle skolesekken)
Noko av det beste med å jobbe er at ein får høve til å dra på kurs. I går og i dag har eg vore på “Ny i nord - veiledning for nyutdanna lærere” samling i Tromsø. Veldig bra opplegg, både fagleg og sosialt. Eg nytta sjansen til å vere hos Å. i helga. Det var så kjekt! H. kom også, og han laga rypemiddag på laurdag. Vi såg “Pingvinenes marsj” på kino og var på konsert med Kleive/Reiersrud i Ishavskatedralen. På laurdag hadde Å. og eg ein prøvetime på SATS, og eg blei minna på kor kjekt det hadde vore å hatt aerobictrening i nærleiken (sjå tidlegare innlegg). Å. er ivrig deltakar på Friskis & Svettis, og no lurer eg på om eg skal gjere eit framstøyt for å starte F&S her i Hammerfest…
Lisje søster said,
February 1, 2006 at 22:09
Eg syns at du skal satse på F&S, altså. Var på trening i dag og det var fantastisk kjekt, som vanleg. Det er veldig vittig med alle damene som er der og mest vittig med mannen som er der. Det skal ikkje vere lett:) Om du startar F&S, så skal eg kome og trene saman med deg. Kjekt å ha deg på besøk. Det er berre å kome att.
Ingeborg said,
February 1, 2006 at 22:53
Fekk du snakka med F&S-damene om korleis eg går fram dersom eg skal starte noko her?
Marie said,
February 4, 2006 at 17:26
hei!!
Nå har jeg kommet meg inn på bloggen igjen! så hjartans velkommen alle sammen: www.marieibukta.blogspot.com