Sommaren er på hell
August 15th, 2006 at 10:43 (Penalhuset)
Min første lærarferie er snart over, og det er litt vemodig. Eg har hatt ein super sommar og kan nemne desse høgdepunkta:
- spele på hest i Antwerpen
- Sørlandet med stor s
- spele minigolf for første gong
- Togga og Fuglesteg i Sogn
- kino med G og E.K
- IS!
- møte med innpåsliten geit på Viefjellet i lag med Ø
- bading i regnet på Askøy
- bryllaupet til L og R
- Buzz med familien (eg vann!)
- milkshake på Pikant med A, H og H
- sosialt samver med familie og venner
- bading frå båt i Masfjorden
- 15. plass i Jentespranget i H.fest
Men frå i morgon av blir det andre bollar. Då byrjar alvoret, med F&S-diplomering, spanskkollokvie, fagplanar og årsplanlegging…
gf said,
August 17, 2006 at 20:56
Guro var overbegeistra etter F & S-opplevinga på Solvang. Elin tykte det var både moro og utfordrande for ymse muskelgrupper……
Eg er stolt over min fyrste 2000 meter: Leirhøe i Jotunheimen på 2330 m.o.h. saman med bror Magne.
Lisje søster said,
August 22, 2006 at 11:04
Eg vann Buzz eg óg! Så syns eg nesten at eg skulle fått eit eige punkt:)
- bading og soling med supersøstra mi. Det punktet mangla…
Ellers så må eg berre seie at eg framleis har ferie!