Skulen stengd på grunn av rasfarleg veg

Eg opplever stadig noko nytt. I dag har følgjande skjedd:
a) Bussjåføren på bybussen lot meg køyre gratis, fordi han var usikker på om vi kom til å kome fram til fergeleiet på grunn av all snøen*.
b) Faren til to av elevane mine lurte på om eg skulle vere på øya heile helga på grunn av det dårlege veret som er meld.
c) Faren til ein annan av elevane mine køyrde seg fast i eit ras
d) Medan bussjåføren på skulebussen gjekk ut for å hjelpe han i c) laus, gjekk det eit nytt ras - rett på bussen. Snøspruten sto oppetter vindauga og hjartet banka fort i brystet.
e) Gummien på vindusviskaren løsna av raset, noko som førte til ein svært skjerande lyd
f) Brøytebilen kom og det vart kolonnekøyrinig til skulen
g) Han som køyrde brøytebilen sa til fung. rektor at bussen måtte køyre ungane tilbake igjen med ein gong, for vegen var svært rasfarleg og kom til å bli stengd.
h) Skulebussen satte seg fast på skuleplassen og alle elevane måtte hjelpe til å skubbe den laus.
i) Eg tok halv ti-ferja heim og drog rett til byen for å gjere unna nokre ærend
j) Eg hadde visst ikkje med meg bankkortet mitt, og måtte låne kortet til mi gode venninne A. i staden (Tusen takk!)
k) Vel heime i Rypefjord vassa eg i snø til låra for å kome opp til huset, og eg brukte dei påfølgjande 40 minutta til måking (noko som sikkert vil vere nokså bortkasta, i og med at vinden vil blåse igjen den fine gangvegen eg har laga…).

No er det helg! Og med det veret som er meld, trur eg at eg skal halde meg innandørs og ete smågodt (berre 6,90/hg på Mega!!) det meste av tida…

*viss du les resten av det som har skjedd, vil du forstå at eg kom meg til fergeleiet og over med ferga.

4 Comments

  1. lisje syster said,

    February 9, 2007 at 19:32

    Ein kan oppleve ganske fantastiske ting nord for polarsirkelen. Ting som for ein söring verkar heilt utenkeleg. Dette kjem i den kategorien.

    Ha ei god helg. håpar at middagen vart bra. Det vart det her:)

  2. Øyvind said,

    February 9, 2007 at 20:53

    Eg skjøner dette er strevsamt, men som du veit: Eg misunnar dykk skikkeleg vér - litt. Og er litt ambivalent til om eg ynskjer det skal vare ei veke…

  3. Hedda said,

    February 11, 2007 at 23:27

    Hmmm. Nord-Norge oppførte seg ganske bra da eg var der. Men Vestlandet har vært FANTASTISK denne veka! Glitrande snø, knall blå himmel og strålande sol. Ei heil veke! Det er akkurat som om det ikkje er på ekte.

  4. Synnøve said,

    February 12, 2007 at 19:47

    Ska sei… Eg blir litt imponert! Du kan snart skriva bok om ekstremitetane dine der oppe… Kjekt å lesa bloggen din! Håpe me snakkes snart.

Post a Comment