Revestrekar
June 24th, 2006 at 16:50 (Penalhuset)
Pappa seier i ein kommentar at han gjerne vil sjå fleire bilete av reveungane. Men etter eit heller ublidt møte med revemor i går, trur eg at eg skal la reveungane vere i fred for ei stund. Følgjande hende i går kveld:
1) Eg gjekk bort til hushjørnet for å sjå om reveungane var bak huset.
2) Det var dei.
3) Men det var også revemora.
4) Eg skunda meg tilbake til huset mitt.
5) Omlag 10 minutt etter høyrde eg bjeffing ute.
6) Eg kikka ut vindauget mitt, og der sat revemora og stirra olmt på meg og bjeffa. Ho såg verkeleg sint ut, la øyrene bakover og viste tenner.
7) Eg uroa meg for Håvard, som snart skulle kome heim frå jobb og var nøydd til å gå forbi reven.
8) Revemora sto der i ca 20 minutt, bjeffa og stirra olmt.
9) Ho tok seg også ein runde bak huset, opp på ein liten topp der ho kunne sjå inn i dei andre vindauga våre, og ho sat der og bjeffa.
10) Det heile var ganske nifst, men heldigvis hadde ho gått då Håvard kom heim.
Så altså. Det kan bli ei stund til det kjem fleire bilete av reveungane…
"svigermoren" said,
June 25, 2006 at 22:21
Skal seia de lever tett på naturen, det gir spaning i kvardagen! Reveungane var i allefall søte og revemor viser tydeleg morsinstinkt. Det lovar bra for framtidige revestrekar.
Øyvind said,
June 30, 2006 at 23:00
Slik må det vel vere. Kjekt med dei bileta eg fekk sjå, og kjekt å lese/høyre historia bak