Permisjon

Det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Kvifor? Det er det ingen som veit. Men i dag startar svangerskapspermisjonen min, og eg skal ikkje på jobb att før i 2009. Kanskje får eg då betre tid til å blogge?! Så langt har det vore supert å ha permisjon. Dagen har gått med til følgjande aktivitetar: høyre på lydbok (eigentleg er den alt for skummel for meg…), strikke, lese avisa, ete frukost, etterlyse den nye sofaen vår. Snart må eg byrje med dei kjedelege husmortinga: vaske opp, vaske badet og bake blåbærpai til styremøte i kveld.

1 Comment

  1. Hedda said,

    January 11, 2008 at 15:44

    Viss du skal bruke permisjonen på blogging, så må du sikkert forte deg… Sånn før grunnen til permisjonen tek overhan, meiner eg. Ellers så merkar eg at eg gjerne kunne ha tenkt meg ein permisjon sjølv, men eg må altså ta til takke med ei vanleg helg.

Post a Comment