Permisjon dag 9. Dagen for kaker og sosialt samver.

I dag har eg baka brownies rett etter frukost. Eg har lenge tenkt på at eg skal gå bortom arbeidsplassen min med kake til dei som er att der (det er ikkje så mange…), og i dag ser det ut til at planen kan bli realisert. Det skal bli kjekt å snakke litt med andre enn meg sjølv… I kveld skal A. feire bursdagen sin, og då reknar eg også med at det blir kaker og prat. Elles kan eg nemne at eg snart er i mål med fotoalbumsprosjektet mitt. Det er ei god kjensle. I går byrja eg å strikke tjukkelubbar til H., men det må ha skjedd ein feil ein eller annan plass, for dei blir ikkje som vanlege tjukkelubbar. Dei blir mykje mykje større, faktisk så store at dei kan brukast til å ha utanpå ein gips om ein skulle vere så uheldig å bryte foten.

3 Comments

  1. Anette said,

    January 22, 2008 at 15:11

    Gleder meg til husmortilværelsen.. høres nydelig ut. Håper ikke skuffelsen blir stor dersom det blir servert kakE og ikke kakER i kveld.. og kanskje dukker det opp noko attåt.. Kan i allefall garantere for god prat!:)

  2. Gunnhild said,

    January 23, 2008 at 11:11

    Det høyrest ut som om det kan vere samme oppskrift som eg brukte te jul…

  3. Ingeborg said,

    January 23, 2008 at 13:39

    Det er den same oppskrifta som du fekk, ja. Har du også prøvd med Rema-garn? No har eg gått ned til str 8-10 år og det ser ut som om det blir perfekte sokkar til H.

Post a Comment