Permisjon dag 6 - ein travel dag

Dagen starta med at H. og eg bar ut halvparten av den gamle sofaen vår. Etterpå køyrde eg han til jobb (eg har blitt noko meir slepphend med å hente og bringe han, i og med at han har lova at han skal ta lappen), før eg handla på Rema. Det er jammen stritt å vere husmor! Litt seinare på dagen vart det nok ein tur til byen, denne gongen for å snakke med jordmora. Hodet til ungen har ikkje festa seg enno, men elles ser alt bra ut. Så har eg lånt to nye lydbøker på biblioteket og kjøpt ein mini-saccosekk. No må eg slappe av og ete middag før eg skal utføre vaktmeistarpliktene mine i huset til A + T.

1 Comment

  1. Å said,

    January 18, 2008 at 10:31

    Eg kan ikkje så mykje om ungar, men er det ikkje ein fordel at hodet til ungen sit fast på ungen?

Post a Comment