Permisjon dag 5
January 16th, 2008 at 16:41 (Penalhuset)
Eg lovte i går at eg skulle fortelje om nye og spanande ting i dag, og eg held løftet mitt. I dag har eg nemleg vore på bassengtrening for gravide og andre med vondt i kroppen. Veldig kjekt. Og så har eg drukke kaffi for første gong sidan mai. Rett nok var det iskaffi, men likevel… Eg kjenner meg på rett veg til å kome tilbake til min normale tilstand. Og så har eg gledeleg nytt til alle som har følgd ivrig med i sofathrilleren - no er sofaen vår komen til byen! På fredag skal han kome hit til oss, slik at vi kan nyte helga i ny sofa.
Hedda said,
January 16, 2008 at 21:31
Onsdag, midt i veka, og eg kjenner framleis at ein permisjon ikkje hadde vore å forakte. Jaja. Decoupage har eg også utstyr til, men eg har enno ikkje funne nokon arena der eg liksom synest det passar seg heilt med decoupage… Eg har prøvd litt med serviettar o.l., men eg har altså ikkje slått meg heilt på det. Men lykke til! (Eg limte nokre serviettar på ein tehaldar av tre ein gong, mottakaren vart veldig fornøgd…)