Permisjon dag 10. Gode gjerningar.

Snø og mildver i går + minusgrader og vind i dag = spegelglatte fortau. Eg trippar rundt med min store mage, og får vanlegvis mykje merksemd frå folk rundt meg om at eg må gå forsiktig og ta det med ro og ikkje dette på isen. Eg vart difor ganske overraska i dag då ei eldre dame stoppa nettopp meg og lurte på om eg kunne halde henne i armen når ho skulle krysse den islagte taxihaldeplassen. Men eg sa sjølvsagt ja, og saman kom vi oss trygt over til den andre sida. Ho var turist med Hurtigruta og hadde tenkt å gå seg ein liten tur, men måtte snu då ho oppdaga kor glatt det var. Uansett var ho glad for at ho hadde tatt på seg “sin gamle pelskåpe fra nittensyvogsøtti,” sidan “han e´kald i dag.” Så for første gong i mitt liv har eg gjort den ultimate gode gjerninga - å hjelpe ei gamal dame over vegen. Kor lenge kan eg leve på det, mon tru?

Post a Comment