Perfekt påsketur!
April 11th, 2006 at 20:18 (Penalhuset)
Målet med dagens skitur var å finne ein plass å setje seg ned for å grille pølser og nyte sola. Men Elin og eg vart rivne med, og brått hadde vi gått 7 km i oppoverbakke frå Prærien til Glimmervannshytta. Der fekk vi selskap av P.Ø., ein kollega frå volleyballen. Vi grilla pølser, smakte på Elin sitt nydelege bakverk og koste oss maksimalt. Eg har no den karakteristiske påskefargen i fjeset etter ein dag utandørs… I love it.

Elin og Tjuven

Eit gledeshopp

Glimmervannshytta