Påske i plysj

I lokalavisa var det avstemning om innepåske var ei mislukka påske. Svara fordelte seg slik: 37,3% ja, 43,8% nei og 19% “bryr meg ikkje.” Eg har vel alltid tenkt at svaret på eit slikt spørsmål måtte vere ja, men no trur eg at eg har ombestemt meg. For ei påske i plysj (eigentleg fleece) er heller ikkje å forakte. Kryssord + fine bøker + handarbeid + telefonsamtalar + dameblader + god mat + godteri + god mann + gode venner = god stemning.

Post a Comment