Oss menneske imellom

I samband med å ha gitt liv til ein ny verdsborgar har vi fått mykje brev og pakkar i posten (tusen takk!). Posten har dei seinare åra blitt sløvare med å stemple frimerka, noko som gjer at dei kan brukast på nytt. Spesielt kjekt er det med klistremerkefrimerka, for dei er som regel lette å få av. Dei tradisjonelle sleike-på-frimerka er det verre med, men heldigvis fekk eg besøk av ein gamal frimerkesamlar (les: far min) som kunne hjelpe meg å bløyte frimerka. Resultatet ser de på biletet. Frimerke for i alt 119,50 kr er klare til å bli brukt på nytt. Dette gjer godt i eit Watne-hjarte.

PS: Lurer på om gjenbruk av frimerke gjeld som bidrag i klimadugnaden.

PPS: Frimerkebløytinga i går gjorde til at det dukka opp minne frå barndommen, då far min og bror min samla på frimerker. Eg fekk samle på dei små konvoluttrestane som vart att etter bløytinga.

9 Comments

  1. andreas said,

    April 6, 2008 at 16:37

    Skulle tru du var sunnmøring. Storarta!

  2. anette said,

    April 6, 2008 at 17:52

    Er ikke dette litt sånn postsnyteri? Driver dere å laster ned filmer og musikk og sånt fra nettet også eller?

  3. Ingeborg said,

    April 6, 2008 at 18:51

    Vi lastar ikkje ned filmar, og vi betaler for all musikken vi lastar ned. Så vi har vårt på det reine. Når det gjeld frimerka er det jo gjenbruk, og Posten seier dei er opptatt av miljøet :)

  4. Silje-mor said,

    April 6, 2008 at 20:42

    Jeg legger også alltid merke til om frimerkene er stempla eller ikke. Når de ikke er det tenker jeg alltid at jeg må ta vare på det og bruke det senere (spesielt de som er på pakker, for de er jo dyrest…) Men jeg glemmer det alltid!! Nå er ikke jeg verken Sunnmøring eller Sunnmøring-wanna-be heller da, men ganske nærme…

    Jeg er også for gjenbruk, og når Posten er for det syns jeg du bare skal fortsette!

  5. Ingeborg said,

    April 6, 2008 at 21:09

    Min strategi er å rive av hjørnet på konvolutten med frimerket på med ein gong og leggje det i skuffen der vi oppbevarar brevpapir og konvoluttar.

    (vi har ikkje brevpapir, men eg syntest det høyrdest så fint ut å seie det…)

  6. K. said,

    April 7, 2008 at 18:00

    Eg støttar det som eit klimatiltak. Flott!

  7. Klimaknut said,

    April 7, 2008 at 19:35

    Med tanke på at det går med både tørkerull med trykkfarge, oppvarmet vann og sikkert noe lim for å feste frimerkene på ny konvulutt så er vel klimagevinsten allerede på minus. Som et forsøk på å gjøre postgangen i mindre sentrale områder av landet dyrere og langsomere, og dessuten som bidrag til nedleggelse av postkontor, må dette sies å være et fint tiltak. Med så mye porto til overs er det jo også mulig man føler seg forpliktet til å sende et ekstra brev og der bidro man både til økt trailer- og flytrafikk.

  8. Ø said,

    April 7, 2008 at 22:59

    Her er det på sin plass med litt postspråkhistorie:
    Stempling = annulering. Ergo: Ustempla frimerke er ikkje annulert, og er gyldig frankeringsmiddel. Jfr. nemninga “blekkannulering”, nytta på poststader som var så små at det ikkje var rekningssvarande å lage eigne stempel. Blekkannulerte frimerke er høgt verdsette i dag.

  9. Halldis Berge said,

    April 10, 2008 at 9:08

    Sjølv om det er gjenbruk, så tenker eg at frimerke er betaling for ei teneste vi kjøper hjå posten for å få breva våre fram. Når frimerka går til gjenbruk, må postmannen gå to gonger uten å få inntekt på siste gongen.
    Meg får dette gjenbruket til å tenkje på Jesus sine ord om gjev Gud det Guds er og keisaren det hans er…

Post a Comment