Ordinær ordinasjon?

Også i dag trossa vi ver og vind. I dag gjekk turen til kyrkja, der det var ordinasjonsgudsteneste. Det er den andre ordinasjonsgudstenesta eg har vore med på, og begge har vore i kyrkja her i byen. Forrige gong var i april, med fullsett kyrkje og sol. I dag var det god plass i benkeradene og fokksnø og ulande vind rundt huset. Under kyrkjekaffien etterpå fekk vi mellom anna helse på politimesteren og biskopen*. Stemninga var god, kakene mange og talane lange. Full valuta for pengane, med andre ord.

(*Eg traff også ei som eg har brukt å møte i svømmehallane på onsdagane. No har eg ikkje fått svømt noko etter jul, så ho lurte på kor eg var blitt av. Eg kunne forsikre henne om at eg skal stille opp førstkomande onsdag.)

1 Comment

  1. Hedda said,

    February 5, 2007 at 20:24

    Veldig så oppdatert denne bloggen var da! Eg har komt meg ganske nært heimlege trakter (Stryn), og her er det også snø, men ikkje akkurat i dei dimensjonane… Kos deg!

Post a Comment