Når prinsippa ryk
March 1st, 2008 at 18:43 (Penalhuset)
I samband med fødselen og barnet som kom ut under den, har eg måtta la ein del prinsipp fare. Og eg har innsett at det har vore til det beste.
Når det gjaldt smertelindring under fødselen hadde eg bestemt meg for at eg ville sitje i badekar og evt prøve lystgass etter kvart. Akupunktur er eg skeptisk til (for det første er eg redd for nåler, for det andre har eg ikkje heilt trua på at det funkar) og epidural ville eg helst unngå pga biverknadane. Men det gjekk ikkje heilt som eg hadde tenkt… Fordi fødselen vart sett igang fekk eg elektrodar og nåler og slangar her og der, og då fekk eg ikkje lov til å sitje i vatn. Badekar good bye, med andre ord. Eit lite stykke ut i fødselen (trur eg, eg har ikkje heilt begrep om tida den dagen) kom det ei jordmor som lurte på om eg ville ha akupunktur. Eg takka ja utan å blunke (dvs - utan å opne augo. Det var så vondt at eg ikkje klarte å halde augo opne…). Eg fekk nåler i panna, handa og ryggen, men eg veit ikkje om det hjalp. Difor fekk eg tilbod om lystgass, og det var eg jo positiv til. Men eg fekk det ikkje til å funke - det smakte ekkelt og varmt, og eg la frå meg maska når riene kom. Til slutt føreslo (bestemte?) ein eller annan at eg skulle få epidural, og eg trur ikkje eg trong å seie ja ein gong. Anestesilegen som sette epiduralen er ein venn av onkel Rolf, og han redda verkeleg dagen min.
I dag har vi gått til innkjøp av smokk. Eg har tenkt at ungar kan klare seg utan smokk, at det ikkje er bra for tannstillinga deira osb, men eg innser at investeringa på 29,90 er den beste vi har gjort så langt for å bevare husfreden. No gjeld det berre å bli einig med mannen i mitt liv om kor mykje vi skal bruke den (han har ein tendens til å stappe den inn ved den minste lyd, eg meiner den kun er til hylskriking.).
andreas said,
March 2, 2008 at 1:00
Prinsipp er til for å ryke. Det er no mi meining…
øystein, tannlegen said,
March 2, 2008 at 12:54
Når det gjeld smokk, har eg ein flott nyhet!!
Det er BRA for tannstilllinga! Alternativet, finger, er mykje værre: Smokk er enkelt å avvenne, alle slutter når dei kjem på skolen. Deretter vil som OFTEST bittet korrigere seg sjølv. Noken, sånn som eg, vil bevare åpent bitt pga litt endra svelgemøsnster, men det er ikkej noke problem. Hvis barnet ikkje får smokk vil dei ofte ty til fingeren, og den blir man aldri kvitt (heldigvis som oftast!). Dessuten er smokk en god øvelse for leppene, og man vil lære å ikkje sikle. Ellers: siklesmekka redder mange bodyer i dagen for oss. Håper han kjem til nytte for dokke óg!
Ingeborg said,
March 4, 2008 at 15:51
Takk for gode nyheiter, Øystein! Kor mykje kan ho bruke smokken i løpet av dagen, veit du noko om det?
øystein said,
March 4, 2008 at 21:04
Babyen SKAL spise også
Vår erfaring er at Ingvild ikkje alltid vil ha smukk i munnen. Da dytter ho den vekk og bli sint hvis du prøver å putte den inn igjen. I starten likte eg å bruke lillefingeren når eg skulle roe henne. Fordelen var at fingeren ikkje datt ut heile tida (da bar eg ho i ei slynge), men den er ho ikkje interessert i lenger. Egentlig er babyer veldig smarte, så bare ikkje tving på noke.