Musefellebilkonkurranseseier
February 21st, 2007 at 16:04 (Den kulturelle skolesekken)
Det var som David mot Goliat då skulen min stilte opp i musefellebilkonkurranse på ein større skule her i byen. Vår delegasjon (tre på musefellebillaget og fem i heiagjengen, inkludert ein lærar og ein føresett) vart puslete i forhold til dei 50 elevane som heia på det andre laget. Lærarane på den store skulen såg at dette vart noko urettferdig, og kalla difor inn omtrent 100 elevar frå småtrinnet til å heie på oss. Dei er lettlurde, desse små elevane, som klappa og sang av full hals til ære for oss. (Ein av dei spurde rett nok om kvifor dei heia på D. skole når dei var elevar ved F. skole. Han fekk aldri svar.) Heiagjeng eller ikkje - bilen vår var suveren i konkurransen, og no blir laget send vidare til landsfinalen i Kristiansand i mai.
Øyvind said,
February 21, 2007 at 22:01
Det må eg seie! Og no må vel det peikast ut ein musefellebilkonkurranselagleiar som må pressast til ein tur til Sørlandet?
Håkon said,
February 21, 2007 at 22:35
musefellebilkonkurranse?
Anette said,
February 22, 2007 at 10:10
Så du skal til kristiansand - i mai?? Trengs det en “støttelærer” med på turen?:)
Hedda said,
February 22, 2007 at 22:32
Mulig eg ikkje har begrepa heilt på plass, men kva er eigentleg ein musefellebil?
Ingeborg said,
February 23, 2007 at 7:50
Til Hedda og Håkon:
Ein musefellebil er ein bil som vert driven framover når musefella klappar saman. Det er ikkje lov å fjerne noko frå musefella, men ein kan bygge den ut slik ein vil. I vår konkurranse måtte bilen ikkje vere større enn 30 cm x 20 cm, men eg har sett bilete av mykje større musefellebilar på nettet. I USA er det svære greier, og no har det altså kome til Noreg. De kan jo sjekke på nettet
Til Anette:
Det hadde vore kjekt med ein lokalkjend guide med på turen, ja. Men eg er redd du må betale sjølv…
Til pappa:
Eg lot meg veldig lett overtale til å vere med til Sørlandet. No lurer eg på om eg skal spørje bestefar og bestemor om dei orkar ein tur til Kristiansand for å helse på oss. Eg får nok ikkje høve til å dra på utflukter på eiga hand.