Middagsfavoritt for mor og dotter

Barnet har i dag fått kinesarbix for første gong. Kinesarbix er kanskje ein ukjend rett for dei fleste, og namnet på retten har blitt diskutert i familien. Kan det verkeleg stemme at det heiter det? Uansett - kinesarbix var min absolutte favorittmiddag då eg var lita. Det var bestemor som serverte dette då vi var på besøk, og det er mange lukkelege barndomsminne med kinesarbix i hovudrolla (i alle fall i ei sentral birolle). I dag har altså dottera vår fått dette, og det fall straks i smak. For første gong åt ho opp heile middagsporsjonen sin, og det er tydeleg at kinesarbix allereie har blitt ein middagsfavoritt også for ho. Dersom nokon vil prøve å lage kinesarbix sjølv, kjem oppskrifta her (nok til ca 4 vaksne):

4 gulrøtter
3 lauk
200 g makaroni
400 g kjøtdeig
1 glas tomatpuré
karri
salt
pepar
vatn + buljong

Skjer gulrøtter og lauk i bitar. Steik kjøtdeig. Fres gulrøtter og lauk. Bland kjøtdeig, gulrøtter og lauk i ei gryte. Tilset vatn sånn at det dekker og ha i tomatpuré. Lat det koke i ca 20 min. Ha i makaroni etter kvart. Smak til med karri, salt og pepar. Server med salat og poteter eller brød. (Og dersom dette skal serverast til kids løner det seg å ta av ein porsjon eller tre før ein krydrar. Mos maten med stavmiksar og hiv ein porsjon eller to i frysen.)

Post a Comment