Mat for mødre

Det er ikkje alltid så lett å få laga seg middag når mannen er på jobb og ein har ansvar for ein liten bebis som berre vil hengje på armen. Eg må difor finne mat som kan lagast og etast med éi hand (i går prøvde eg tortillas, men det hamnar definitivt ikkje i den kategorien). Så langt har eg hatt suksess med følgjande rettar:

- tomatsuppe frå Toro
- speilegg
- kokt egg
- diverse restemat som berre treng å varmast opp (eg innser at det hadde vore gildt å hatt ein mikrobølgeomn)

Eg tar svært gjerne imot tips til andre rettar, for no er det tomt for egg…

4 Comments

  1. Hedda said,

    April 2, 2008 at 21:22

    Eg har sett folk med bereselar til babyar… (eg innser at dette ikkje akkurat var eit middagstips, men…)

  2. guf said,

    April 2, 2008 at 21:26

    Kavring
    Knekkebrød
    Gulrot (ferdig skrella)
    Eple
    Banan
    Fårepølse (rett frå pakken)
    Kalde fiskebollar, rett frå boksen (tidlegare sportsreporter Øyvind Johnsen sat på hotellrommet og knaska sovoren mat, i staden for å gå i restauranten. Slik seier i alle fall soga)

  3. Ingeborg said,

    April 2, 2008 at 21:54

    Takk for gode tips, men eg ønskjer varm mat… Vi har ein slik beresele, men bebisen tar så stor plass på magen at det er vanskeleg å nå fram til komfyren. Vi har så korte armar osv. Men kanskje eg må gi den ein sjanse til eller to.

  4. trude said,

    April 13, 2008 at 16:07

    Ris og tunfisk.
    Veldig lett: kok ris. Når den nærmar seg ferdig hiv du oppi ein boks med tunfisk (muligens litt vanskelig å opne med ei hand..), krydrar med grill og dill, rører rundt og vips!
    Ha gjerne litt purreringar i óg, viss ikkje Aili får luft i magen

Post a Comment