Long time, no sea…
September 7th, 2008 at 15:32 (Penalhuset)
… som tørrfisken sa (for å trekke fram ein av yndlingsvitsane til engelsklæraren min på ungdomsskulen). Livet på bloggen er ikkje det det eingong var, men eg skal prøve å forbetre meg. Dagens posting skal uansett handle om framtida. Eg skal nemleg utvide permisjonen min ei stund ut i 2009, noko som inneber langt mindre pengar i kassa. Vi har ikkje sett opp noko budsjett, men vi satsar på at det skal gå bra. Kontantstøtte og barnetrygd er ikkje all verda, så i dag har eg funne meg ei binæring: flaskesamling (Den kan ikkje seiast å vere heilt ny, sidan nokon vil hevde at det ligg i genene mine, men likevel…). H og eg var ute og gjekk tur med barnet i dag tidleg, og sidan det var sundag morgon var det flust i flasker langs vegen. På første trilletur vart fangsten 8 flasker/ boksar, på andre turen 5. Det gir ei lønsutbetaling på 13 kr. Her er ei liste over kva dei kan brukast til:
- 1/2 pakke med graut til barnet
- ca 1 kg gulrøtter (kan bli mange middagar)
- 1 glas med ferdigmiddag til barnet
- ca 1/4 pakke bleier
Snakk om lønsam aktivitet!
andreas said,
September 7, 2008 at 21:34
heilt etter mitt hjarte
Bestefar said,
September 8, 2008 at 12:21
Og skattefritt!
Silje-mor said,
September 8, 2008 at 20:45
Endelig! Fantastisk godt å høre fra dere. Skal sporenteks sende den DVD jeg lånte og legge ved dine utlegg til porto for ammeputa. Så har du faktisk til mange middager til skatten din
)
Utvida permisjon støttes!! Vi blir også hjemme nemlig, helst på ubestemt tid, men det blir nok iallefall til august/september 09. Kanskje jeg får være lengre hjemme hvis jeg starter å lete etter flasker??
Ingeborg said,
September 16, 2008 at 20:36
Eg prøvde litt flaskesamling i Hfest. Det var mest å finne etter at snøen smelta, men då låg ofte flaskene i gjørmete veg-grøfter. Litt skittent og ekkelt, med andre ord. Men like lønsamt.