Laurdagsgodt

For ei veke sidan eller to fann eg ein ifa-pastill i ein halslinse-pose. Slikt vil eg ikkje ha noko av, så eg sende eit lite klagebrev til produsenten. I går kom svaret - ei øskje med laurdagsgodt! Øskja måtte hentast på Posten (eller på Post-i-butikk, for å vere heilt nøyaktig), for ho var for stor for postkassa vår (og vi har nettopp fått ny og stor postkasse). Eg deler gjerne med dei som måtte kome på besøk.

5 Comments

  1. øyvind said,

    May 6, 2007 at 21:48

    Ikkje dårleg - skulle ysnkje vi kunne gjere det same for dei som melder driftsavvik.

  2. øyvind said,

    May 6, 2007 at 21:48

    Ikkje dårleg - skulle ynskje vi kunne gjere det same for dei som melder driftsavvik.

  3. Anette said,

    May 9, 2007 at 9:14

    Når kan jeg komme?

  4. Ingeborg said,

    May 9, 2007 at 9:33

    Når som helst :) Eller skal vi seie etter 27. juli??

  5. Lisjesøster said,

    May 10, 2007 at 10:26

    Postkassa mi er ikkje så stor, men den får plass til ein pose bamsemoms:)

Post a Comment