Kven skapte Gud?

Som lærar får ein av og til høyre gullkorn frå barnemunn. I går skulle ein av dei små elevane mine formulere spørjesetningar med “hvor, hvem og hva,” og eg skulle svare på spørsmåla. Eg tenkte det kom til å bli enkle spørsmål av typen “hvor bor du.” Men der tok eg feil, gitt.

Det første spørsmålet var “Hvor kommer paprika fra?” Eg prøvde meg med Afrika og Mexico, men det var ikkje rett. Svaret skulle vere “frå paprikaplanten.” Det andre spørsmålet var det mest fascinerande (og overraskande), og det var noko han hadde lurt på lenge: “Hvem skapte Gud?” Eleven min skjønte at det var vanskeleg for meg å svare, men vi fekk ein fin liten filosofisk samtale, og konklusjonen hans vart at vi måtte spørje foreldra til Gud for å få svar.

På det tredje spørsmålet var det slutt på filosoferinga, og han lurte først på om han skulle spørje “Hva har du under stillongsen?” Her byrja han å fnise mykje, for svaret ville jo vere “trusa.” Han syntest at det var eit litt uanstendig spørsmål, og sidan ordet stillongs var vanskeleg å stave, vart spørsmålet i staden: “Hva skal vi gjøre i svømminga i dag?”

Slike samtalar gjer livet lysare.

Post a Comment