Kva skal barnet heite?
February 6th, 2008 at 12:53 (Norsk)
Det ser dårleg ut for å få barn på samefolkets dag. Det var synd, for vi hadde funne nokre namn som kunne vere aktuelle for ein med fødselsdag denne dagen. Min favoritt var Aslak Aslak. Eit ikkje-samisk alternativ er Gael Mathias; ein kombinasjon av min favorittskodespelar og det meste brukte guttenamnet i fjor. Andre namneforslag blir mottekne med takk.
Å said,
February 6, 2008 at 14:21
Det er ikkje forseint enno, men eg tenker meir på Anders-anders-anders-anders-anders, eller rettare sagt han-fem-gonger-Anders.
Det er mitt forslag. Ågot er óg eit godt forslag, men då skulle ungen ha kome ut på måndag. Eg hadde namnedag på måndag…
Hedda said,
February 6, 2008 at 22:00
Tja. Eg såg namnet Chanel i ei fødselsannonse i ei avis i min landsdel ein dag, og tenkte straks på dåkke. Chanel Flatland? Kling fint, spør du meg!
Å said,
February 7, 2008 at 8:32
Samuel forslo Håvard-Håvard. Håvard-Håvard Flatland. Ganske bra, eller?