Kreativ kvinne?
October 8th, 2008 at 21:27 (Kunst og handverk)
Etter å ha fått barn tar sjølv eit lite handarbeidsprosjekt fleirfaldige veker. Mitt siste prosjekt starta for nokre veker sidan då TT og eg var på hobbyshopping “10 min frå Bergen sentrum” (som viste seg å vere eit stykke lenger vekke…). Målet for prosjektet var å lage ein såkalla multipose som eg kan ha ting og tang i. I går fekk eg endeleg tatt fram symaskina, men noko sying vart det ikkje før i dag. Og då eg var nesten ferdig skjønte eg at eg hadde gjort ein STOR feil, som eg ikkje orka å rette opp (for då måtte eg ta opp alt eg hadde sydd…).

Litt dårleg bilete i litt dårleg lys, men det går kanskje an å sjå at det er ein multipose - og kva eg gjorde feil…
guf said,
October 9, 2008 at 20:07
Eg ser ein pose. Kor stor han er, har eg visse vanskar med å sjå. Men eg synest han ser heilt lekker ut….Om det er litt dårleg lys kan så vera, men eg i min alder får heller klaga på synet…..
TT said,
October 9, 2008 at 21:31
Ein generaltabbe! eventuelt “du, kor kreativt!”
Har du implementert ringane? dei er eg veldig spente på.
andreas said,
October 9, 2008 at 22:35
Visste ikkje at det var noko som heitte multipose. Eit bra navn på eit produkt. Kjenner faktisk at eg kanskje treng ein…
Ingeborg said,
October 9, 2008 at 22:47
Guf: Eg kan vise med hendene når eg kjem til Førde kor stor den er.
TT: Eg har ikkje gjort noko med ringane enno, for meininga med dei forsvann litt med feilen eg gjorde. Får prøve att - kanskje i løpet av helga?!
Andreas: Du kan få denne til bursdagen din om du vil
Halldis Berge said,
October 12, 2008 at 10:53
Når posen fungerar multifunksjonelt, blir evt produksjonsfeil mindre viktige og ingen ukjent med mønsteret, kan sjå at han ikkje er som han skal. God helg.