Klagehandsaming
May 15th, 2006 at 20:32 (Penalhuset)
Det har no kome nokre klager på at det er lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Det er ulike årsaker til at eg ikkje har vore ein ivrig bloggar i det siste, og her kjem nokre av dei viktigaste:
a) Det har ikkje skjedd så mykje nytt og spanande i livet mitt den siste tida
b) Eg har hatt mykje besøk
c) Eg har tatt på ein haikar som trudde at mi venninne A. var dottera mi
d) Eg har vore på farten (kurs og den slags)
e) Eg har byrja å gå til fysioterapeut på grunn av stive skuldrar og såleis tenkt at eg må redusere tida mi framfor PC-en
f) Det har vore sinnsjukt mykje å gjere på jobb dei siste vekene.
Men i morgon skal eg byrje eit nytt og betre liv. Trur eg. Då skal eg ikkje stikke folk med kniv, trur eg, men leggje ut eit bilete av korleis det såg ut då eg gjekk til jobb i dag. Gled dykk!
Lisje søster said,
May 15, 2006 at 21:55
Hm… er ikkje eit besøk i Tromsø spennande nok til at det har skjedd noko spennande i livet ditt? Eg berre spør. Eg syns det var veldig spennande å sjå på pilates film med deg.