Kinoens dag
November 5th, 2005 at 20:41 (Den kulturelle skolesekken)
Hammerfest kino sparar ikkje på kruttet når det er Kinoens dag. Kl 0930 starta dei dagen med gratis frukost, og etter kvart fylte dei på med store mengder gratis bollar, brus, kake (den såg ikkje så god ut…), kaffi og snop. Det var ikkje sånne små smaksprøvar, nei, det var King size Japp og porøs mjølkesjokolade og karamellar og Fishermans Friend (!). Det var også ein bar, der teenagers miksa alkoholfrie paraplydrinkar (appelsinjuice og tropisk nektar eller berre Fanta) og delte ut chips. I det heile tatt var det eit storslått arrangement.
Har Bergen noko å stille opp med mot dette? Neppe.
Heia Hammerfest!
bror til mann said,
November 8, 2005 at 13:41
Såg tjenare kungen på kinoens dag i bergen.(litt slapp historie, men eit par gode augneblink). I bergen kunne ein dyppe eplebåtar og druer i ei skål med sjokolade, dette kalla dei sjokoladefabrikken. Ellers var det masse reklame og flygeblad. Ikkje heilt som i hamarfest, med andre ord. peace
El proletar said,
November 8, 2005 at 16:46
Nei, Hammerfest rocks! No vert det snart heilt mørkt òg! Hurra!
Endre said,
November 9, 2005 at 11:03
Hei! Grattis med blog! Håpar dokke har det bra i dykkar nye landsdel!Høyrest ut som att Bergen kino har noko å strekke seg etter når det gjeld festivitas….
anette said,
November 9, 2005 at 13:53
Gøy at du er på bloggeren du og!
Ser fram til svømmetur og kveldsmat i kveld!;)
klem