Internat for ei natt
March 22nd, 2006 at 22:25 (Penalhuset)
For ca 24 timar sidan hadde eg akkurat lagt meg i soveposen på liggjeunderlaget i eit av klasseromma på skulen min. Vi har vinteraktivitetsveke og ein av aktivitetane var å la alle elevane overnatte på skulen. Det var skikkeleg internat-stemning. Elevane vart delte i grupper som hadde ansvar for mat og underhaldning, og etter middag og leksetid var det duka for elevkveld. Den første gruppa byrja med leiken “nøtt, sannhet eller prosent,” og vi fekk vite at ein av fedrane likte sonen sin 100%, medan han likte kona 99%. Elles var det ikkje så mykje som kom fram. Neste gruppe hadde laga ein sketsj om ein kunst- og handverkstime, der både R. og eg kjende oss att i ho som spelte lærar. Den siste gruppa hadde ein mat-leik, som gjekk ut på at tre stk med bind for augo skulle smake på ymse matvarer og seie kva det var. Det var sjølvsagt om å gjere å ikkje spytte noko ut att, og elevane gjorde grimasar og svalgte som best dei kunne. Men då det kom til ei kvit, klumpete blanding klarte ikkje den eine deltakaren meir. Då kom alle smaksprøvene, og sikkert litt av middagen, opp att. Heldigvis var Bøttemannen på plass.
Etter underholdning stod det herjing i gymsalen (for dei store) og soving (for dei minste + meg) på programmet. Dei som eg hadde ansvar for sovna ca 1 time etter at dei skulle, medan eg låg vaken til langt på natt. Det skal bli godt å leggje seg i si eiga seng om kun kort tid.
anette said,
March 24, 2006 at 13:17
GRATULERER MED DAGEN!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!