Heime igjen!

Endeleg fekk vi med oss jenta vår heim. Det er veldig godt å vere heime, sjølv om dagane er annleis enn dei har vore før. Det er tydeleg at vi har fått ein ny sjef i huset, og eg har ikkje så mykje overskot til andre ting. Timane går svært fort, til trass for einsidige aktivitetar: pupping og bleieskift. Difor blir t.d. ikkje blogging så høgt prioritert. Dåke får heller sjå på bloggen til mannen i mitt liv.

1 Comment

  1. svigers said,

    February 25, 2008 at 22:53

    Nokre innspel frå ein som fekk prøva kor hardt det kunne vera med nattevåk i vekesvis for den fyrstefødde (= mannen i ditt liv):
    1. Det er lov å vera egoistisk
    2. Det er lite overskot til noko anna enn det heilt naudsynte
    3. Alt anna får venta
    4. Å gå frå 2 til 3 i ein familie er langt meir enn matematikkens lover skulle tilseia……

Post a Comment