Harry Potter og ildberget
November 24th, 2005 at 21:13 (Den kulturelle skolesekken)
I dag har eg vore på date. Først var vi på Peppes og delte pizza og brus. Etterpå var vi på kino og såg det eg trudde skulle vere “Harry Potter og ildberget.” Eit stykke uti filmen skjønte eg at eg i lange tider har levd på ei løgn. Eg hadde sett for meg at det skulle handle om ein vulkan eller ei anna form for eit ildberg, men så viser det seg altså at det er eit ildbeger det er snakk om. Og det er noko heilt anna, berre så det er sagt. Han som eg var på date med har eg forresten vore i lag med i ti år, utan at det var noko mindre romantisk av den grunn.
anette said,
November 25, 2005 at 12:12
Ja, men var filmen bra da??
H said,
November 25, 2005 at 12:56
Fin film, spesielt Hermine. (He he).
Ingeborg said,
November 25, 2005 at 23:08
Berre vent til 1. desember, H. Då kjem Mr og Mrs Smith med Peppes filmdeal. Då blir det pizza for alle pengane.
H said,
November 26, 2005 at 16:49
Neidå! Vi har jo sett den filmen! Det vert ikkje pizza før i februar.