Halloween
October 31st, 2006 at 19:35 (Penalhuset)
Det knirkar i snøen utanfor stoveglaset, og ein augneblink etterpå ringer det på døra. Eg opnar, og ser små monster, hekser og spøkelse. “Knask eller knep,” seier dei. Eg svarar at huset er tomt for godteri. Monstra, heksene og spøkelsa svarar “æsj” eller “å nei,” og så går dei sin veg.
Halloween har kome til Rypefjord.
gf said,
November 1, 2006 at 19:45
Skal det kallast eit framsteg? Eg berre spør. Me hadde også liknande besøk. Du var heldig som slapp så lett.