Frisk og svett påske
April 13th, 2006 at 9:18 (Penalhuset)
No snur eg straks nasen sørover. Første etappe går med bil til Alta. Derfrå tar eg fly til Oslo, før eg skal ta buss til Gøteborg. I Gøteborg skal eg overnatte på Rica, før eg i morgon tidleg skal ta tog til Kungsbacka. Siste etappe av turen er tre mil med taxi til Helsjön, ein folkehøgskule som i påska skal vere arena for Friskis&Svettis-instruktørkurs.
God påske!

Den klassiske solbrille-looken (eg trur den er tydlegare live enn på bilete…)
A. said,
April 15, 2006 at 16:21
Eg òg vil ha påskelooken! Tre dagar på utviken førte ikkje til anna enn gnagsår.
(kan eg kalle deg og H. for friskis og svettis, eller er det andre kallenamn dåkke heller vil ha?)
H said,
April 15, 2006 at 21:06
Hmm.. Kven er i så fall svett? Kva med chips og cola?
Har du kome deg til Varden no?