Fantastiske F&S

I påska hadde eg nokre helskjønne dagar i Helsjön utanfor Gøteborg. Det var første steg på veg mot å bli treningsleiar i F&S, og det var jättekul og -mysigt å vere i Sverige. Vi gjekk med mys-kläder og jogga og snakka om ishockey. Dvs, eg snakka ikkje så mykje, for svenskane hadde litt problem med å forstå kva eg sa. Siste kvelden arrangerte eg ein Noregs-quiz for å teste kunnskapane deira om Noreg. Vinnarlaget fekk 7 av 17 mogelege poeng. No må eg ta ein skriftleg eksamen for å vise at eg fekk med meg det som vi gjekk gjennom på kurset av fysiologi, anatomi og treningslære. Og så må eg på Steg2, etterfølgd av ein praktisk eksamen før eg endeleg kan kalle meg treningsleiar. Heia F&S!

3 Comments

  1. K. said,

    April 20, 2006 at 19:42

    Heia deg som friskar og svettar!:)

  2. Lisje søster said,

    April 21, 2006 at 12:35

    Heia F&SIngeborg! Eg gler meg til å teste passet ditt:) Samuel gler seg óg til det:)

  3. anette said,

    April 23, 2006 at 11:26

    Gleder meg til høsten - eg skal svette i lag med deg! :)

Post a Comment