Eg vann, eg vann!

I går var det kinoens dag, og det var fri flyt av godteri, brus, bollar og kakao, kake og kaffi på kinoen. H. og eg fekk med oss “Cars” og ein film-quiz*. Premien var ein mp3-spelar, og det var eg som hadde flest rette. Eg vann, eg vann!! Eg må seie at vinnarlukka har vore god sidan eg flytta til Finnmark, for så langt har eg vunne 1) Gåvekort på CD (etter å ha tippa kor mange twist det var i eit glas på ei yrkesmesse for ungdomsskuleelevar), 2) Eit utruleg stygt belte (på startnummer i Jentespranget) og no altså 3) Ein mp3-spelar.

*Spørsmåla var henta frå barnefilmar, og eg måtte oppgi alderen min. Eg skreiv 27. H. meinte at det kanskje var litt urettferdig at ein vaksen vann barne-quizen, men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det viktigaste er at eg vann, eg vann!

8 Comments

  1. anette said,

    November 6, 2006 at 10:12

    Gratulerer - gratulerer!!:)

  2. andreas said,

    November 6, 2006 at 13:30

    Konge! Grattis! Kva slags spelar då? Vart nyskjerrig…

  3. Lisjesøster said,

    November 6, 2006 at 13:35

    Du er jo vaksen og eg er jo framleis eit lite born. Kanskje du må gje spelaren til meg?

    Det trur eg.

  4. Ingeborg said,

    November 6, 2006 at 16:55

    Han heiter UnitedMP3Player. Han ser verken dyr eller fancy ut, men han funkar. Og så er han raud og grå, med 512MB memory.

  5. gf said,

    November 10, 2006 at 20:21

    Konkurranseinstinktet er intakt, skjønar eg. Grattis!

  6. Marie BA said,

    November 14, 2006 at 0:04

    kult - gratulerer! Tror bare jeg har vunnet en gang, og det var på tivoli når jeg vel var rundt 10 år. Da vant jeg en Teodor-bamse. Veldig søt, og veldig stor (relativt sett ift høyden min som tiåring, vel å merke!)

  7. Kine Danielsen said,

    December 5, 2006 at 15:37

    Hurra-hurra Ingeborg!!
    Lenge siden sist, men eg kan lese at vinnelykkå e te stede:-). Må jo sei at eg kver dag prøve å vinne i kalenderen som me har..men nei, blir lite gevinster på meg, pyttsan!

  8. Marie BA said,

    January 3, 2007 at 18:47

    Godt nyttår Ingeborg!! Nå synes jeg det begynner å bli svært lenge siden du har skrevet noen nye innlegg her. Anette bl.a. har vært veldig veldig mye på meg og klaget over meg og at jeg skriver så lite på bloggen, men nå vet jeg ikke helt lenger… Jeg har i alle fall begynt det nye året bra, med allerede 3 nye innlegg, pluss en helt ny layout! Slå den du!!

Post a Comment