Dagens fangst
September 14th, 2008 at 18:00 (Penalhuset)
På nytt er det helg, og på tide å spe på inntektene. Det såg dårleg ut på første trilleturen, då fann eg ingen flasker, til trass for at det var tidleg sundag morgon. Runde nummer to vart betre, og vi endte altså på fem fine flasker (og boksar). Eg kjenner meg litt rar som går rundt med barnevogna full av ølflasker og -boksar (for det er jo det eg finn mest av i helgene…), og er litt redd for kva barnevernet vil seie dersom dei oppdagar det…
PS: No har barnet vårt byrjå å seie ma-ma og ba-ba-ba-ba. Ganske kult. Og så har ho funne ut at det er spennande å liggje under bordet og dra i duken…
Ø said,
September 16, 2008 at 21:28
Berre vent til ho seier “flaske” og peiker i den retningen du må springe og hente henne.