Da blir hun sikkert gla’…
December 14th, 2005 at 17:47 (Penalhuset)
Kva får ein viss ein blandar engleungar, englevinger, mjøl og sukker, glanspapir, lysmasse og Carolas jule-CD? Jau, då får ein dagens juleverkstad på skulen min. Eg har vore engle- og lysansvarleg og har hatt ein fin dag. Sidan klasseromma var fulle av ymse formingsutstyr fann vi ut at vi skulle ha datafri dag i dag. Det var ikkje så populært. Då elevane fekk høyre det sa dei: “Jammen, kva skal vi gjere då? Skal vi berre sitje i gangen?” Eg trur det er på tide at vi innfører fleire datafrie dagar.