January 7th, 2006 at 10:37 (Den kulturelle skolesekken)
På torsdag opplevde eg for første gong det som er minuset ved å vere avhengig av ferjetransport for å kome seg til og frå jobb, nemleg at ferja ikkje gjekk då eg skulle heim. Eg måtte difor overnatte på sofaen hos Randi. Eg fekk heldigvis kjøpt meg ein tannkost på butikken til André, men reine klede, deodorant og maskara måtte eg klare meg utan. No skal eg lage eit “overlevingssett” med den slags utstyr som kan liggje på skulen til neste gong eg ikkje kjem meg heim.
Comments
December 20th, 2005 at 21:49 (Den kulturelle skolesekken, Pop og rock med blokk)
No har eg juleferie, etter veker med intense førebuingar til juleavslutninga. Vi har snekra, malt, sydd, baka, pynta, øvd på skodespel, blokkfløyte og sang. Og i går skulle vi vise alt vi hadde gjort til foreldra. Verken S., R. eller eg fekk sett framsyninga av Romeo og Julie (vi styrte backstage), men eg trur det gjekk bra likevel. Alt i alt må eg seie at det var eit vellukka arrangement med god underhaldning og mengder av graut og kaker og anna god mat. Festrusen sov eg ut hos rektor S., sidan det ikkje går kveldsferje på måndagar.
Comments
December 9th, 2005 at 15:47 (Den kulturelle skolesekken)
Så er endå ei veke gått og det er klart for helg. Men denne helga vert det ikkje så mykje tid til avslapping. Om ein drøy time skal eg vere i kyrkja på generalprøve med Hammerfest barnegospel. Vi skal nemleg opptre på julekonsert på sundag. I løpet av helga skal eg også klippe håret, handle inn ein del stæsj til juleavslutning på skulen, få besøk av Elisabet frå Jølster, setje karakter (både standpunkt og tentamen), planlegge nissegym og juleavslutning med koret og få av garde noko julepost. Og sjølvsagt skal eg vaske og stelle i heimen.
No lurer eg på kva som vil vere mest effektivt: Gå på nattope i kveld eller utsetje handlinga til i morgon føremiddag. Eg tar gjerne i mot innspel.
1 Comments
December 5th, 2005 at 21:30 (Den kulturelle skolesekken)
I helga tok eg meg ein svipptur til Tromsø. Eg tok båten på fredag frå Hammerfest til Alta kl 1600. I Alta vart eg plukka opp av Gunnhild, Bjørnar og Tor som køyrde oss til Tromsø. Vi var hos Ågot kl 0000 og fekk suppe før vi gjekk til sengs. Laurdag starta vi grytidleg med juleshopping. Eg handla mest til meg sjølv og fekk brukt MasterCardet mitt for første gong. Det funka heilt fint - på godt og vondt…
1 Comments
November 28th, 2005 at 16:40 (Den kulturelle skolesekken)
I går var det første sundag i advent og Hammerfest barnegospel deltok på lysmesse (gudsteneste - ikkje konsert!) i kyrkja. Ungane mine, som eg brukar å kalle dei, hadde fått nye barnegospel-T-skjorter med sjølvlysande skrift. Vi skulle gå inn i prosesjon med små elektriske lys frå Europris i hendene, og det gjekk ganske bra. Synginga var det verre med. Til trass for at eg har vore på dirigentkurs i Oslo, klarte eg ikkje å slå dei inn, dvs å få dei til synge frå starten av. I staden for at dei sang “Tenn et lyyyyys” vart det berre “…lyyyyys…” Jaja. Dette skal eg øve meir på, så når vi skal synge på julekonsert 11. desember, satsar eg på at det skal gå betre.
I dag har vi tent adventslys på skulen og øvd på Romeo og Julie. Kristian har funne ut at det berre er 21 dagar til juleavslutninga…
1 Comments
November 24th, 2005 at 21:13 (Den kulturelle skolesekken)
I dag har eg vore på date. Først var vi på Peppes og delte pizza og brus. Etterpå var vi på kino og såg det eg trudde skulle vere “Harry Potter og ildberget.” Eit stykke uti filmen skjønte eg at eg i lange tider har levd på ei løgn. Eg hadde sett for meg at det skulle handle om ein vulkan eller ei anna form for eit ildberg, men så viser det seg altså at det er eit ildbeger det er snakk om. Og det er noko heilt anna, berre så det er sagt. Han som eg var på date med har eg forresten vore i lag med i ti år, utan at det var noko mindre romantisk av den grunn.
4 Comments
November 16th, 2005 at 19:11 (Den kulturelle skolesekken)
Det nærmar seg juleavslutning, og på skulen min skal vi ikkje ha englar som dalar i skjul eller barn i ei krubbe, heller ingen okse eller asen som står nokon plass. Vi skal derimot setje opp Romeo og Julie. I morgon skal vi ha første øving, noko som inneber at eg skal vere på skulen i over 12 timar. Får håpe vi klarar å bruke dagen godt…
Comments
November 5th, 2005 at 20:41 (Den kulturelle skolesekken)
Hammerfest kino sparar ikkje på kruttet når det er Kinoens dag. Kl 0930 starta dei dagen med gratis frukost, og etter kvart fylte dei på med store mengder gratis bollar, brus, kake (den såg ikkje så god ut…), kaffi og snop. Det var ikkje sånne små smaksprøvar, nei, det var King size Japp og porøs mjølkesjokolade og karamellar og Fishermans Friend (!). Det var også ein bar, der teenagers miksa alkoholfrie paraplydrinkar (appelsinjuice og tropisk nektar eller berre Fanta) og delte ut chips. I det heile tatt var det eit storslått arrangement.
Har Bergen noko å stille opp med mot dette? Neppe.
Heia Hammerfest!
4 Comments