Bursdag

Eg er svært nøgd med dagen så langt, og her kjem ei kort oppsummering av hendingar og gåver.
I går: Kakefest med 10 gjestar og Gruble. I dag: Bytur, kaffi på Hurtigruta, barnekor-opptreden på det nye kjøpesenteret, sol, mange tekstmeldingar og telefonar. Gåver (i tilfeldig rekkefølge): blomar, flax-lodd (til og med eit flax-lodd frå mobiloperatøren min), kule klede, smykke, mange kjekke filmar, pengar, fleecegensar, CDar. Heilt topp dag så langt, med andre ord! I kveld blir det tre rettars middag og konsert med William Hut.

Musefellebilkonkurranseseier

Det var som David mot Goliat då skulen min stilte opp i musefellebilkonkurranse på ein større skule her i byen. Vår delegasjon (tre på musefellebillaget og fem i heiagjengen, inkludert ein lærar og ein føresett) vart puslete i forhold til dei 50 elevane som heia på det andre laget. Lærarane på den store skulen såg at dette vart noko urettferdig, og kalla difor inn omtrent 100 elevar frå småtrinnet til å heie på oss. Dei er lettlurde, desse små elevane, som klappa og sang av full hals til ære for oss. (Ein av dei spurde rett nok om kvifor dei heia på D. skole når dei var elevar ved F. skole. Han fekk aldri svar.) Heiagjeng eller ikkje - bilen vår var suveren i konkurransen, og no blir laget send vidare til landsfinalen i Kristiansand i mai.

Gode opplevingar det siste døgnet

- kveldstur til butikken med flammande nordlys og stjerner på himmelen
- bollar og kakao innandørs med kjærasten
- vinne 30 kr på KryssordFlax
- knitresnø og sol som stikk i augo
- svært underhaldande skuleteater (Rosa elefanter)

Ordinær ordinasjon?

Også i dag trossa vi ver og vind. I dag gjekk turen til kyrkja, der det var ordinasjonsgudsteneste. Det er den andre ordinasjonsgudstenesta eg har vore med på, og begge har vore i kyrkja her i byen. Forrige gong var i april, med fullsett kyrkje og sol. I dag var det god plass i benkeradene og fokksnø og ulande vind rundt huset. Under kyrkjekaffien etterpå fekk vi mellom anna helse på politimesteren og biskopen*. Stemninga var god, kakene mange og talane lange. Full valuta for pengane, med andre ord.

(*Eg traff også ei som eg har brukt å møte i svømmehallane på onsdagane. No har eg ikkje fått svømt noko etter jul, så ho lurte på kor eg var blitt av. Eg kunne forsikre henne om at eg skal stille opp førstkomande onsdag.)

Eg vann, eg vann!

I går var det kinoens dag, og det var fri flyt av godteri, brus, bollar og kakao, kake og kaffi på kinoen. H. og eg fekk med oss “Cars” og ein film-quiz*. Premien var ein mp3-spelar, og det var eg som hadde flest rette. Eg vann, eg vann!! Eg må seie at vinnarlukka har vore god sidan eg flytta til Finnmark, for så langt har eg vunne 1) Gåvekort på CD (etter å ha tippa kor mange twist det var i eit glas på ei yrkesmesse for ungdomsskuleelevar), 2) Eit utruleg stygt belte (på startnummer i Jentespranget) og no altså 3) Ein mp3-spelar.

*Spørsmåla var henta frå barnefilmar, og eg måtte oppgi alderen min. Eg skreiv 27. H. meinte at det kanskje var litt urettferdig at ein vaksen vann barne-quizen, men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det viktigaste er at eg vann, eg vann!

Sommarstemning - midt på vinteren

Snøen lavar ned ute. Det byrjar å bli ordentleg fine vinterforhold, med 2-3 minusgrader og fin, laus snø. Til helga blir det truleg skitur til Montenegro-hytta, men før den tid skal eg ha ein forsmak på sommaren. Det har seg nemleg slik at eg har meld meg på salsa- og merenguekurs. Den første kurskvelden var i dag, og ein svært velkledd cubanar med blankpussa sko og rosa skjorte lærde oss “å markere” og å ta “una vuelta.” (Vi lærte ein ting til, men den hugsar ikkje namnet på.) Jau, det var verkeleg eit solgløtt i vintermørket. Eg gler meg til i morgon.

Bilbaluba

I dag har vi verkeleg fått erfare nokre av bakdelane med å vere bileigarar. For det første er det 15. mars i dag, og 2865 kr har gått ut av kontoen min slik at eg kan få eit klistremerke til bilen. (Eg har forresten tatt blodprøve hos Solveig på sjukehuset i dag, og der fekk eg klistremerke gratis. Kanskje eg kan bruke dei på bilen?!) For det andre har verkstaden som skulle fikse det vesle fjuske-problemet bilen vår har hatt, funne ut at vi truleg må skifte heile “motorstyreenheten”. Ikkje det at eg veit kva det er for noko, men det høyrest unekteleg ikkje billeg ut. Sidan eg av og til er avhengig av bil til jobb, spurde eg om å få låne ein bil på verkstaden. Det var ikkje så lett, men til slutt fekk vi ein avtale om å hente nøklane til ein Mercedes A-klasse på Esso-stasjonen. Vi kjempa oss gjennom kuling og sludd, men var det nøkkel på Esso? Nei. Etter endå meir kuling og sludd fekk vi likevel nøklane og no står det ein ny liten Mercedes utanfor huset vårt. Håpar eg slepp å køyre den i mørkret, for eg fann ikkje ut korleis ein får på langlysa… No steikjer H. pannekaker og kl 21 er det volleyball. Kanskje ikkje kvelden blir så verst likevel.

Ski, scooter og Skaidi

I dag såg eg sola for første gong i Finnmark i 2006. Ho kom rett i fjeset mitt då eg sat i bilen på veg til Skaidi. Bilen var full av kjekk og sunn ungdom som skulle på skitur på Skaidi. Minusgrader, puddersnø og sol; alt låg til rette for ein nydeleg tur.

Då vi kom til Skaidi, var sola allereie på veg ned bak fjella. (Vi kom oss seint av garde, for vi måtte feste skistativet på taket, og det hadde vi aldri gjort før. Det var ei kald oppleving i -10 grader og vind frå sør-aust.) Vi visste ikkje kor langrennsløypene var, og ville heller ikkje bruke tid på å leite etter dei. Difor stoppa vi på Statoil for å spørje etter vegen. Bensinstasjonen var stappfull av folk i scooterklede. Eg såg til og med ei dame med fotsid scooter-kåpe! Med inspirasjon frå L.O. siterer eg følgjande samtale mellom meg og ein mann Statoil, Skaidi:

Eg: Er du kjend her?
Mann: Nja, litt. Kordan det?
Eg: Veit du kor skiløypene er?
Mann: Ski? Ka e’ det for nåkka? Her kjøre’ vi bare scooter.

Vi fann m.a.o. ikkje skiløypene, men du verda kor flott det er å gå på ski i scooterspor!

Storbyweekend

Noko av det beste med å jobbe er at ein får høve til å dra på kurs. I går og i dag har eg vore på “Ny i nord - veiledning for nyutdanna lærere” samling i Tromsø. Veldig bra opplegg, både fagleg og sosialt. Eg nytta sjansen til å vere hos Å. i helga. Det var så kjekt! H. kom også, og han laga rypemiddag på laurdag. Vi såg “Pingvinenes marsj” på kino og var på konsert med Kleive/Reiersrud i Ishavskatedralen. På laurdag hadde Å. og eg ein prøvetime på SATS, og eg blei minna på kor kjekt det hadde vore å hatt aerobictrening i nærleiken (sjå tidlegare innlegg). Å. er ivrig deltakar på Friskis & Svettis, og no lurer eg på om eg skal gjere eit framstøyt for å starte F&S her i Hammerfest…

Ikkje i 60-meter-form

Etter den søte kløe kjem den sure svie, heiter det i eit ordtak. Eller, sagt på ein annan måte; etter den søte juletid kjem den kjipe “influensaen.” (Eg har skjønt at det ikkje er kven som helst som får influensa, så eg set det i hermeteikn for å vere på den sikre sida.) I dag drog eg frå jobb etter lunsj, i samråd med R. og rektor S. Eg syntest litt synd på meg sjølv sidan eg er sjuk, og kjøpte Sjokade på butikken. Då eg kom heim sov eg i 2,5 timar. No har eg nett snakka med ein lege eg kjenner, og han sa at eg skal halde meg heime i morgon også. Det er med tungt hjarte eg går glipp av brøkdagen, men eg innser (etter MSN-rådgjeving frå ein fysioterapeut eg kjenner) at det kan gjere vondt verre å gå på jobb når ein ikkje er i 60-meter-form.

« Previous entries ·