May 4th, 2008 at 21:18 (Penalhuset)
… køyrer bil (evt. skuter eller ATV dersom føret tillet det) til butikken, uansett kor langt eller kort det er. Eg er ein ekte finnmarking, for i dag tok eg bilen dei 500 metrane til Statoil for å kjøpe syltetøy til vaflane. Men - når eg tenkjer meg om - ekte finnmarkingar lar bilen stå på tomgang utanfor butikken, uansett kor lenge eller kort ein skal vere i butikken. Så då er eg visst ikkje ein ekte finnmarking likevel, for eg tok med meg bilnøkkelen inn på Statoil-stasjonen. Men eg kan jo få late som eg har fått finnmarks-kulturen inn i blodet, i alle fall den siste månaden vi skal bu her…
Comments
April 6th, 2008 at 11:21 (Penalhuset)
I samband med å ha gitt liv til ein ny verdsborgar har vi fått mykje brev og pakkar i posten (tusen takk!). Posten har dei seinare åra blitt sløvare med å stemple frimerka, noko som gjer at dei kan brukast på nytt. Spesielt kjekt er det med klistremerkefrimerka, for dei er som regel lette å få av. Dei tradisjonelle sleike-på-frimerka er det verre med, men heldigvis fekk eg besøk av ein gamal frimerkesamlar (les: far min) som kunne hjelpe meg å bløyte frimerka. Resultatet ser de på biletet. Frimerke for i alt 119,50 kr er klare til å bli brukt på nytt. Dette gjer godt i eit Watne-hjarte.

PS: Lurer på om gjenbruk av frimerke gjeld som bidrag i klimadugnaden.
PPS: Frimerkebløytinga i går gjorde til at det dukka opp minne frå barndommen, då far min og bror min samla på frimerker. Eg fekk samle på dei små konvoluttrestane som vart att etter bløytinga.
9 Comments
April 2nd, 2008 at 19:40 (Penalhuset)
Det er ikkje alltid så lett å få laga seg middag når mannen er på jobb og ein har ansvar for ein liten bebis som berre vil hengje på armen. Eg må difor finne mat som kan lagast og etast med éi hand (i går prøvde eg tortillas, men det hamnar definitivt ikkje i den kategorien). Så langt har eg hatt suksess med følgjande rettar:
- tomatsuppe frå Toro
- speilegg
- kokt egg
- diverse restemat som berre treng å varmast opp (eg innser at det hadde vore gildt å hatt ein mikrobølgeomn)
Eg tar svært gjerne imot tips til andre rettar, for no er det tomt for egg…
4 Comments
April 1st, 2008 at 21:28 (Penalhuset)
Bebisen vår har vore på 6-vekerskontroll hos legen i dag, og konklusjonen hans var at vi hadde fått ein perfekt baby. Det visste vi jo frå før, men det er alltid kjekt når ein lege seier det. Denne legen kunne attpåtil seiast å vere nokså objektiv i uttalingane sine, i motsetnad til andre legar bebisen vår har vore i kontakt med.
Eg publiserar like godt eit bilete av det perfekte barnet:

1 Comments
March 28th, 2008 at 19:49 (Penalhuset)
Det er fredag, og tradisjonen tru ser vi på Norge Rundt (evt i mangel på andre kanalar/ anna selskap). Eg har lagt bebisen på ei turnmatte framfor TV-en, og det ser ut som om ho er svært begeistra for det tradisjonsrike programmet. Ein skal tidleg krøkast…
1 Comments
March 28th, 2008 at 15:02 (Penalhuset)
Eigentleg skulle eg på ein lengre trilletur med to andre mødre i dag, men med snødrev og stiv kuling melde eg pass. I staden har det vorte ein deilig fredag i uformelle klede, både for mor og barn. Bebisen har hatt ein svært roleg dag så langt. Etter frukost vart ho lagt i vogna, og der har ho sove sidan, kun avbrutt av litt lunsj. No lurer eg på om det er vits i å kle henne for dagen, eller om ho skal få gå med ullundertøyet sitt til det blir kveld…
1 Comments
March 20th, 2008 at 17:04 (Penalhuset)
H. er på jobb, og eg har åleineansvar for hus og heim og bebis. Det er Skjærtorsdag, og slik såg middagen min ut:

(Det er begrensa kva ein kan få til med ein bebis som helst ikkje vil liggje åleine. Forresten er det tredje dagen på rad med steikte grillpølser til middag…)
1 Comments
March 20th, 2008 at 17:01 (Penalhuset)
Som pedagog er eg oppteken av at barnet mitt skal få dei rette stimulia, slik at ho utviklar seg sånn som ho skal. Eg har lest at det kan vere lurt å hengje opp ein uro over stellebordet, og at svart/ kvit og geometriske figurar er det beste for slike små. Så i dag har eg hengt opp ein liten elefant med svarte og kvite prikkar på badet. Under den grøne “paraplyen” er det svarte stjerner på ein kvit bakgrunn. Kan det bli betre? Uansett var dette midt i blinken for bebisen vår; ho viste tydeleg interesse for elefanten.

1 Comments
March 18th, 2008 at 19:55 (Penalhuset)
Eg har no testa ut fleire matvarer som Aili ikkje set like stor pris på som meg. Frå no av skal eg unngå marsipan (og no som det snart blir påskemarsipan til halv pris) og brokkoli.
2 Comments
March 18th, 2008 at 19:28 (Penalhuset)
Når ein har permisjon er det vanskeleg å skilje mellom kvardag og helg. Men eg har fått med meg at det er påske. Sidan det i år blir dårleg med skiturar og hytteliv, må ein prøve å lage påskestemning på andre måtar. Så langt har eg desse stemningsskapande aktivitetane:
- Sprade rundt i stillongs og ulltrøye inne
- Ete Sjokade (når ein er vaksen kan ein smøre på så mykje ein vil)
- Kjøpe smågodt til 6,90/ hg
- Sjå “Påskenøtter” og påskekrim
- Steike grillpølser i steikepanna og ete dei til middag
Comments