Harmoni

Eg har kanskje blitt vel urban, men likevel: Eg likar nylagt asfalt. Ikkje lukta og konsistensen, men utsjånaden. Alt blir liksom så ordentleg og … harmonisk. Særskild godt likar eg når det har vore grundig grave- og byggingsarbeid, og det er laga nye vegar, nye fortau, nye trikkeskiner, nye sykkelvegar og alt har vore kaotisk lenge. Og så, på ein augneblink, når asfalten kjem på plass, blir alt ferdig. Den siste tida har det vore mykje slikt arbeid rundt her som vi bur, og eg har følgd utviklinga i kaoset over ein lengre periode. No nærmar det seg harmoni alle stader, og eg gler meg til å prøve den nylagte asfalten. Og ikkje nok med det - i denne byen er det store grave- og byggeprosjekt stort sett over alt, så eg kan få oppleve harmoni-kjensla om att og om att og om att…

Tigerstaden og Drammen

Familien har vore på tur. Først var vi i Tigerstaden hos tante O. og onkel LO. Der dukka også bestemor og tante Å. opp. Veldig kjekt. Så drog vi til Drammen, der vi var fadrar til tremenningen til A. Vi tok nokre fine bilete av eit sovande dåpsbarn, men eg kan nesten ikkje publisere bilete av andre sine ungar på bloggen min. Difor vert det i staden eit bilete av mitt eige barn, i ein fantastisk smart “stol” som vi kjøpte i hovudstaden.

Tilbake i dekningsområdet

Då er mobilen tilbake på plass, slik eg trudde. Han låg i jakkelomma til mannen. Meldingar og innkomne anrop blir mottekne med takk.

Utan dekning

Har på mystisk vis mista mobilen min, så nett no er eg ikkje så lett å få kontakt med. Difor må eg utsetje alle telefonane eg hadde tenkt å ta i kveld. Den nye planen inneber strikking, sjokolade og film. Ikkje så verst, det heller. Takk til svigers for ei flott helg, forresten.

(Viss mobilen har forsvunne på same måte som VISA-kortet mitt gjorde tidlegare i haust, finn eg han nok snart att. VISA-kortet låg i veska, der eg hadde lagt det frå meg…)

Barnevakt-trening del 2

Det var nok ikkje berre Internettet som fascinerte barnet…

Barnevakt-trening

Tante S. passa barnet medan eg var i utdrikningslag på laurdag. Fredagen var ho innom for litt tørrtrening. Ho fann fort ut at barnet lett lar seg underhalde av datamaskina.

Trening på den enkle og effektive måten

I avisa i dag er det reklame for treningsapparat. Reklamen lovar mellom anna at ein med eit bestemt apparat kan “erstatte 1 time studiotrening med 15 minutters hjemmetrening - uten anstrengelse og svette.” Fascinerande, spør du meg. Spesielt fascinerande er det at det i reklamen står: “Tren som Madonna og mange andre kjente idrettsutøvere.” Når blei Madonna idrettsutøvar?

Ung TV-slave ser på gamalt TV-program

Mareritt om den mystiske elggjengen

Dottera vår har fått ein CD frå banken. Den inneheld ein sang og to eventyr om Kongleriket. Sangen er svært populær hos barnet, og funkar mot til dømes skriking i bilen. På grunn av den positive effekten av CDen har eg høyrd den ganske mange gongar, og no kan eg nesten eventyret om den mystiske elggjengen som inntek Kongleriket utanåt. Det er ein skummel gjeng, dei går med caps og seggebukser og har ein ghettoblaser. Men eg hadde ikkje trudd at dei skulle gjere SÅ sterkt inntrykk at eg skulle ha mareritt om dei. Men det hadde eg, altså. Skremmande propaganda frå banken, med andre ord…

Søte sundagsjenter i sofaen

« Previous entries ·