April 9th, 2006 at 18:48 (Natur og miljø)
Etter familiegudsteneste med vifting av palmegreiner, gjekk H. og eg ein skitur i nærmiljøet. Det var litt lite snø, mykje steinar, ein del vind, men elles var det ein fin tur. Etter skituren fekk vi besøk av Andreas som åt middag og brownies saman med oss. Snart skal vi sjå Gymnaslærer Pedersen på kino. Kan Palmesundag feirast på ein betre måte?

H. og Tjuven

Her er ein rev vi såg (midt på biletet)

Kjærasten min og meg utforskar nabolaget på ski
Comments
January 17th, 2006 at 14:50 (Natur og miljø)
… då kjem ein seg ikkje på jobb.
I dag kom den første stormen sidan vi flytta hit. Det har rett nok blæse ein del tidlegare, men aldri meir enn sterk kuling. (Sidan eg er avhengig av ferja kvar dag, har eg dette halvåret byrja å følgje med på vindstyrke og -retning på vermeldinga. Sterk vind frå sør-aust vind er ikkje noko særleg for ferjestrekninga Strømsnes - Kjerringholmen.) L.O. var med ut på skulen i går, og ferjeturen heim var den tøffaste eg har vore med på så langt. L.O. var kvalm i éin time etterpå… Men i går var det altså “berre” sterk kuling, og det fiksar ferjemannskapet greitt. Liten storm, derimot, er heftige saker. Så dagen i dag har eg brukt til ein roleg dag i heimen, ei strabasiøs ferd for å følgje L.O. til bussen, mykje brownies og litt brus.
1 Comments
November 20th, 2005 at 20:59 (Natur og miljø)
Om ikkje lenge blir det visstnok mørkt heile døgnet her, så difor måtte vi nytte høvet i dag til å gå ein sundagstur i Fjordadalen. Ca 50% av oss var samde om at det var ein fin tur.

3 Comments