January 25th, 2007 at 7:56 (Natur og miljø)
Etter ein kort samtale med ei av dei som bur på øya mi, viser det seg at det uansett hadde blitt vanskeleg å kome meg på jobb i dag, sjølv om eg hadde fått laus bilen. For det første var vegen til ferjeleiet stengd. For det andre var ferja innstilt. Då må det vel vere greitt å vere heime med godt samvit.
2 Comments
January 25th, 2007 at 7:35 (Natur og miljø)
Eg opplever som sagt stadig noko nytt. I dag er det vinterstorm*, og bilen min sit igjen bom fast i snøfonna. Eg spadde som ein helt medan vinden og snøen piska meg i andletet, men til inga nytte. Bilen lar seg ikkje rikke. Eg treng hjelp frå min sterke og smarte mann for å kome laus, og han er på jobb. Konklusjon: Eg kjem meg ikkje på jobb i dag heller.
* For dei som hugsar det, var det storm i fjor også. Sidan det ikkje var snø då, vel eg å kalle det her vår første vinterstorm, sjølv om det nok blåste ein del meir under “Narve.”
Comments
January 22nd, 2007 at 7:49 (Natur og miljø)
I dag hindrar snøen meg i å kome på jobb. Bilen sit bom fast, og alle bussar har gått for lengst. Eg opplever med andre ord stadig noko nytt.
2 Comments
January 20th, 2007 at 17:43 (Natur og miljø)
I dag snør det tett. Svært tett. Faktisk så tett at eg måtte køyre i 10 km/t for å sjå kor eg køyrde. I tillegg sette eg meg fast i bakken på veg opp til snuplassen. Dei som kjenner meg veit at eg ikkje er noko glad i å køyre bil i oppoverbakkar på vinterføre, og då bilen byrja å spinne like før eg nådde toppen av bakken, var ikkje hyperventileringa langt unna. Heldigvis har eg ein hjelpsom mann, som faktisk er brukande som bilbergingshjelp, sjølv om han ikkje har lappen.
Det har kome om lag 40 cm nydeleg puddersnø i løpet av dagen, og meir ser det ut til å bli. I morgon inviterer A. til skileik og pølsegrilling, og eg ser fram til skiturar under nordlyset og kveldsturar på knirkande snø. Kanskje vi til og med må kjøpe oss eit akebrett?
1 Comments
September 1st, 2006 at 21:46 (Natur og miljø)
Dette var drøymeoverskrifta mi i FD etter at eg var på bærtur med gode vener i Alta. Eg hadde ikkje rekna med at vi skulle få meir enn ei lita notis om funnet vårt (ein sekk med ammunisjon), men skuffa har eg konstatert av FD valte å fokusere på andre ting. Vår dramatiske bærtur har ikkje vore nemnd med eitt ord. Først - eg vart stukken av ein kveps i låret. Det er ganske smertefullt, for dei som ikkje har opplevd det. Så vart B. stukken av ein kveps, nesten samstundes som G. fann ein sekk med ammunisjon. Sekken stamma truleg frå eit grovt innbrot i Alta tidlegare i sommar (det er ikkje anna å vente når ein tenkjer på kor tjuvaktige altaværingane er). I tillegg fann vi nokre liter blåbær og litt krekling (sjå førre posting). Sekken leverte vi frå oss på politistasjonen, og G. fekk ein pluss i margen for å vere ein god borgar. No kan ho sleppe unna med lette lovbrot, medan B. og eg må oppføre oss prikkfritt (som vanleg).
3 Comments
September 1st, 2006 at 16:33 (Natur og miljø)
For første gong i mitt liv har eg laga saft. Etter ein uhøgtideleg konkurranse med elevane mine, sat eg att med ca 900 g krekling (eller krøkebær, som dei seier her nord). Dette fann eg ut at eg skulle lage saft av. Eg hoppa lett over punktet i oppskrifta som sa at eg skulle sterilisere flaskene, og resultatet vart ca 1,5 l veldig god kreklingsaft. (Flink husmor.) Mannen min bestilte meir saft, og eg gjekk ut for å plukke meir bær. Å lage kreklingsaft tar nokre dagar, og i dag var tida komen for å avslutte prosessen. Eg bestemte meg for at eg skulle gjere jobben grundigare denne gongen, og la flaskene inn i omnen for å sterilisere dei. I mellomtida gjekk eg til naboen for å låne sukker. Naboen held på å pusse opp huset, og eg måtte opp og sjå på korleis det var blitt. Det tok litt lenger tid enn eg hadde tenkt, og då eg kom ned att og skulle ta flaskene ut av omnen var dei blitt både mindre og rarare enn det dei hadde vore før. (Dårleg husmor.)

Rett etter dette ringde lisjesøstra mi. Eg sa kva som hadde skjedd, og ho kunne fortelje meg at eg neste gang kan putte flaskene i frysen for sterilisering. Kven hadde trudd at ho kunne slikt? Vanlegvis er det eg som gir henne husmorråd…
2 Comments
June 21st, 2006 at 18:31 (Natur og miljø)
I går: Nydeleg fisketur med berre jenter. Fekk fire fine fiskar (to av dei fekk vi rett nok av eit par finnmarkingar som ikkje ville ha dei) som vi skal lage fiskekaker av.

Her nyt Karianne kakao og sol.

Cathrine stod for mat på turen. Tang til forrett, fiskehovud til hovudrett (naturlegvis).
I dag: Førstehjelpskurs med Norsk Luftambulanse for alle 10. klassane i kommunen. Eg vart tatt for å vere elev opp til fleire gonger. Er det eit kompliment eller ei fornærming?
1 Comments
May 22nd, 2006 at 20:31 (Natur og miljø)
No er det fint å bu i Finnmark. Sola går aldri ned og vi er inne i ein mild og fin periode. Eg har vore på Tjuven og det gjer godt i kropp og sjel. I morgon er eg invitert på spanskkollokvie medan H. jobbar. Det blir bra.
Comments
May 16th, 2006 at 20:45 (Natur og miljø)
For nesten to veker hadde vi besøk av A., og då såg det slik ut her i Hammerfest:

I går då eg skulle gå på jobb, dvs. 15. mai, såg det slik ut:

Det var berre å finne fram vinterskoa, la bilen stå heime og reise kollektivt. *
I avisa står det at det skal vere midnattsol her no, men den har eg ikkje sett noko til enno. Det er for det meste overskya og snøbyger. Godt bunadsver til 17. mai, med andre ord. Berre så synd at bunaden min ligg i Førde…
* Frå 1. juli blir det gratis buss i rushtida her i byen, pga trafikk-kaos i sentrum. Mellom kl 0630 - 0830 og kl 1500 - 1700 er det gratis å reise kollektivt. Ein kan ikkje seie anna enn at dette er ein god by å bu i. I alle fall på visse område.
Comments
April 13th, 2006 at 9:14 (Natur og miljø)
I går gjekk Karianne og eg same ruta som Elin og eg gjekk på måndag. I går var det mykje meir vind, så vi søkte ly under ein bergknaus og naut livet med kakao og jentesnakk. Fantastisk!
Comments