April 24th, 2008 at 22:41 (Natur og miljø)
Det går rykter om at det andre stader i landet er sol og nesten sommar, ja, solbrillefint. Her nord kan vi melde om snø/ sludd, kuling frå nordvest, temperaturar rundt 0 grader og vegar/ fortau dekka av 5-10 cm slaps. Men vi kosar oss likevel. Følgjande aktivitetar kan nemnast på koselista:
- babysvømming (dersom ein ser vekk frå dei minutta med skriking etter at bebisen fekk vatn i fjeset)
- besøk (tanter og onklar og besteforeldre og venner kjem på rekke og rad)
- trening (truleg mest kos for mor og minst for far som må vere åleine heime med ein skrikande bebis)
Comments
August 14th, 2007 at 13:59 (Natur og miljø)
I fjorden utanfor byen her ligg det ei øy med svært karakteristisk utsjånad. (Det finst heilt sikkert bilete av ho på Internett, dersom nokon skulle vere interessert.) Ho er eit landemerke for Hfest, og det vert sagt at hammerfestingane seier at dei kan bli flytta kor som helst, så lenge dei ser Håja. Øya er også kjend for sine gode og eksklusive moltemyrer. Men øya er slik at det ikkje går an å fortøye ein båt der, så viss ein skal dit er ein avhengig av å bli frakta ut og henta ei stund seinare. I tillegg er det ein føresetnad at det ikkje blæs for mykje, så det er med andre ord ikkje kvar dag ein kan dra på tur dit…
I går gjorde eg og to venninner strandhogg på Håja, med mål om å plukke molter til moltekrem i jula. Vi er så heldige å ha kontakt med TorO, som både har fleksitid, tilgang til båt og gode bærspann i arbeidstida. Avtalen var at han skulle kome og hente oss etter tre timar, men det viste seg snart å vere altfor lite. Eg har aldri sett så mykje molter i heile mitt liv!!! Dei stod tett-i-tett, og det var meir enn vi klarte å plukke. I tillegg var det enorme mengder store, søte og saftige blåbær, og massevis av krekling. Det var hardt å måtte gå forbi fantastiske blåbærtuer og endå hardare å la store og modne molter stå att. Vi fekk altfor lita tid, sjølv om vi fekk TorO til å hente oss seinare enn den opprinnelege planen. Men alt i alt var vi svært nøgde med turen, og eg har sett personleg rekord når det gjeld molteplukking: 2 110 g (3 l)*! I tillegg fekk eg med meg 570 g blåbær, og det kan nemnast at det var så varmt og fint at vi kunne kaste ulltrøya og gå med bikinioverdel det meste av tida.
*Oppglødd og gira fortalte eg om dette storslagne resultatet til I.L. i går kveld. Ho er herfrå, og svarte med å fortelje at foreldra hennar hadde plukka 30 - 40 l molter i helga… Jaja. Eg er framleis strålande nøgd med min innsats, og har redda moltekremen til jul - og vel så det.
2 Comments
August 8th, 2007 at 14:30 (Natur og miljø)
Få ting kan slå eit vindstille Hfest, bada i sol. Eg har fått kritikk av nabojenta (7) fordi eg har kledd på meg altfor mykje i dag (singlet og dongeribukse måtte vere i varmaste laget, meinte ho), og ho har heilt rett. Med lærarferie kan ein fylle slike dagar med kos. I dag har kosen bestått av a) gå til Rema og kjøpe klesklyper og b) hengje opp klede i sola med nye klesklyper. Ah - for ei sommarlukke!
Comments
March 27th, 2007 at 19:58 (Natur og miljø)
Årets første joggetur på bar asfalt. Veldig digg å sleppe broddene! Vind i håret, regn i andletet, heftig musikk på øyret og ein mann som ventar heime med nybakt brød. Kan det bli betre?
1 Comments
February 24th, 2007 at 11:28 (Natur og miljø)
Som lesarane kanskje har skjønt, opplever eg stadig vekk nye og dramatiske ting her nord. Etter alt det som har skjedd i det siste trudde eg ei stund at toppen var nådd. Men den gong ei. I går då eg skulle på butikken klarte eg ikkje å få opp ytterdøra vår. Vinden hadde lagt ein haug med hardpakka snø rett utanfor ho, og det var umogeleg å kome ut den vegen. Eg måtte ut vindaugsvegen. For forbipasserande må det ha sett litt snodig ut, med eit kvinnfolk som klatra ut av vindauget, iført skiklede, vindvottar og med ein spade i handa…
Comments
February 23rd, 2007 at 7:57 (Natur og miljø)
…vart det ikkje i dag heller. Sterk vind og snøfokk gjer sitt til at vegane er stengd og ferja står stille. I staden for eit hyggeleg møte med Mma Ramotswe på ferjeturen, fekk eg meg ein spanande busstur på morgonkvisten. Det hadde samla seg mykje snø i vegen, og det “fusja” opp på frontruta innimellom, slik at alt vart heilt kvitt. Eg er veldig glad for at eg var passasjer og ikkje sjåfør i dag.
Medan eg stod og venta på bussen kom det ei dame forbi som gjekk baklengs til jobb. Eg smilte litt for meg sjølv der eg stod, og smilet vart endå større då det ikkje lenge etter passerte ein mann - også han gåande baklengs.
Kva er ein stengd E18 mot dette??
Comments
February 14th, 2007 at 14:56 (Den kulturelle skolesekken, Natur og miljø)
- kveldstur til butikken med flammande nordlys og stjerner på himmelen
- bollar og kakao innandørs med kjærasten
- vinne 30 kr på KryssordFlax
- knitresnø og sol som stikk i augo
- svært underhaldande skuleteater (Rosa elefanter)
2 Comments
February 9th, 2007 at 13:38 (Natur og miljø)
Eg opplever stadig noko nytt. I dag har følgjande skjedd:
a) Bussjåføren på bybussen lot meg køyre gratis, fordi han var usikker på om vi kom til å kome fram til fergeleiet på grunn av all snøen*.
b) Faren til to av elevane mine lurte på om eg skulle vere på øya heile helga på grunn av det dårlege veret som er meld.
c) Faren til ein annan av elevane mine køyrde seg fast i eit ras
d) Medan bussjåføren på skulebussen gjekk ut for å hjelpe han i c) laus, gjekk det eit nytt ras - rett på bussen. Snøspruten sto oppetter vindauga og hjartet banka fort i brystet.
e) Gummien på vindusviskaren løsna av raset, noko som førte til ein svært skjerande lyd
f) Brøytebilen kom og det vart kolonnekøyrinig til skulen
g) Han som køyrde brøytebilen sa til fung. rektor at bussen måtte køyre ungane tilbake igjen med ein gong, for vegen var svært rasfarleg og kom til å bli stengd.
h) Skulebussen satte seg fast på skuleplassen og alle elevane måtte hjelpe til å skubbe den laus.
i) Eg tok halv ti-ferja heim og drog rett til byen for å gjere unna nokre ærend
j) Eg hadde visst ikkje med meg bankkortet mitt, og måtte låne kortet til mi gode venninne A. i staden (Tusen takk!)
k) Vel heime i Rypefjord vassa eg i snø til låra for å kome opp til huset, og eg brukte dei påfølgjande 40 minutta til måking (noko som sikkert vil vere nokså bortkasta, i og med at vinden vil blåse igjen den fine gangvegen eg har laga…).
No er det helg! Og med det veret som er meld, trur eg at eg skal halde meg innandørs og ete smågodt (berre 6,90/hg på Mega!!) det meste av tida…
*viss du les resten av det som har skjedd, vil du forstå at eg kom meg til fergeleiet og over med ferga.
4 Comments
February 2nd, 2007 at 15:45 (Natur og miljø)
Nok ein dag med heimekontor. I dag var både ferja, bussane og taxiane innstilt, så det var nyttelaust å prøve å kome seg på jobb. Til og med skulebussen ute på øya var innstilt, noko som medførte at mine kollegaer berre har hatt éin elev i dag - sin eigen son/ bror. Eg blir ganske rastlaus av å sitje inne heile dagen, så til slutt bestemte eg meg for å gå på butikken. Eg tok på meg skikleda mine, vindvottar og smurte andletet mitt inn med kuldekrem. Eigentleg hadde eg tenkt å ta turen til den flottaste Rema1000-butikken i Nord-Noreg, men eg skjønte ganske snart at det ville vere eit litt for ambisiøst prosjekt. I staden vart det Bunnpris, som ligg litt nærare. Vinden tok godt tak i kroppen min, og eg nesten blåste opp bakkane. Det var nesten litt skummelt, og eg fann ut at eg måtte fylle sekken med tunge ting til heimvegen. Med sekken full av brus og juice hadde eg god bakkekontakt, og eg kom meg trygt heim.
3 Comments
January 30th, 2007 at 21:57 (Natur og miljø)
I dag har eg køyrd på min første rev. Han kom inn frå venstre rett framfor bilen min. Så sa det dunk og eg tenkte “no har eg drept ein rev, kva gjer eg med den?” Men reven sprang tilbake der han kom frå, truleg ikkje like heil, men dog i live.
2 Comments