Bleier

Ikkje noko nytt på baby-fronten i dag heller, så dagen har stort sett vore som dei føregåande. Eg har gått ein tur til butikken i sterk kuling og snøføyke. Å gå til butikken tar veldig mykje lenger tid no enn det brukar å gjere, og i tillegg blir eg heilt utsliten av det. Det er nesten på grensa til ekstremsport. Eg har også vore ein tur i byen, men då tok eg bussen. Som medlem i kooperativen kunne eg hente ut ein pakke med gratis bleier i dag:

Vi har tenkt å prøve tøybleier, men det kan jo vere greitt å ha papirbleier i reserve. Slik ser det ut på badet vårt for tida:


Tusen takk til tante Anne for dei fine ullbuksene!

2 Comments

  1. andreas said,

    February 5, 2008 at 18:06

    Litt speint på korleis det funkar med tøybleier. Veit det er det miljøvenlege alternativet, men vert det ikkje søl og pes? Fint om du held oss oppdatert på området.

  2. Tante Anne said,

    February 15, 2008 at 22:18

    Tante Anne kan fortelle at det faktisk fungerer bra med tøybleier. Hun har lang erfaring. det er faktisk ganske mye søl og pes med papirbleier. tenk på alt bosset, og peset med stadig å kjøpe papirbleier.

    Spennende å høre om fam. Flatland får samme erfaring som tanta.
    Lykke til

Post a Comment