“Bærplukkere fant sekk med ammunisjon”

Dette var drøymeoverskrifta mi i FD etter at eg var på bærtur med gode vener i Alta. Eg hadde ikkje rekna med at vi skulle få meir enn ei lita notis om funnet vårt (ein sekk med ammunisjon), men skuffa har eg konstatert av FD valte å fokusere på andre ting. Vår dramatiske bærtur har ikkje vore nemnd med eitt ord. Først - eg vart stukken av ein kveps i låret. Det er ganske smertefullt, for dei som ikkje har opplevd det. Så vart B. stukken av ein kveps, nesten samstundes som G. fann ein sekk med ammunisjon. Sekken stamma truleg frå eit grovt innbrot i Alta tidlegare i sommar (det er ikkje anna å vente når ein tenkjer på kor tjuvaktige altaværingane er). I tillegg fann vi nokre liter blåbær og litt krekling (sjå førre posting). Sekken leverte vi frå oss på politistasjonen, og G. fekk ein pluss i margen for å vere ein god borgar. No kan ho sleppe unna med lette lovbrot, medan B. og eg må oppføre oss prikkfritt (som vanleg).

3 Comments

  1. gf said,

    September 3, 2006 at 19:23

    Utakk er verdas løn, framleis!

  2. Administrator said,

    September 3, 2006 at 19:43

    Kva med “Jenter på bærtur fann ammunisjon” eller “Ammunisjon på bærtur”? Eller helst “Muslimsk terror-prest knivdrept av voldsbølle” (…men det blir kanskje ei litt anna sak).

  3. Øyvind said,

    September 3, 2006 at 21:44

    No skjøner eg betre hammerfestingen som ikkje torde sove ute av frykt for å bli stolen i løpet natta.

Post a Comment