Adventskalendargevinst
February 2nd, 2008 at 17:24 (Penalhuset)
Vi vann altså eit gåvekort på 1000 kr i adventskalendaren til den lokale innebandyklubben. Gåvekortet var hos ein butikk som for det meste sel snøskuterar, og H. truga som kjend med at han ville ha seg skuterjakke. I dag var dagen for å hente ut premien. Skuterjakkene kosta pinadeg over 4000 kr, så det var (heldgivis) uaktuelt. I staden enda vi opp med eit par skihanskar, eit sett ultrafleece undertøy (trøye og stillongs) til H., ein fleecehals, to “Toasti toes” (sånne greier som ein puttar i skoa for å halde varmen) og ein vasstett pose til toalettpapir på tur. Veldig mykje bra, med andre ord! Eg hadde lyst at H. skulle ta på seg utstyret slik at vi kunne poste eit bilete, men han nektar å posere i stillongs.
andreas said,
February 2, 2008 at 20:49
Menn poserer aldri i stillongs, slik er det, og bør vere. Snyta bra premie det vart, fekk lyst på mesteparten sjølv faktisk.
Anette said,
February 4, 2008 at 14:32
Fortsatt på vent?
Jeg er så spent, så spent!
Blir det gutt eller jent’?
Etter at vannet har rent…
- a -
Silje-mor said,
February 4, 2008 at 15:35
All honnør til Anette for fantastisk dikt!
Håper vi alle sees imorgen kveld, men innser at det muligens er vel egoistisk ift den vordende mor…