Advent

I går var det første sundag i advent og Hammerfest barnegospel deltok på lysmesse (gudsteneste - ikkje konsert!) i kyrkja. Ungane mine, som eg brukar å kalle dei, hadde fått nye barnegospel-T-skjorter med sjølvlysande skrift. Vi skulle gå inn i prosesjon med små elektriske lys frå Europris i hendene, og det gjekk ganske bra. Synginga var det verre med. Til trass for at eg har vore på dirigentkurs i Oslo, klarte eg ikkje å slå dei inn, dvs å få dei til synge frå starten av. I staden for at dei sang “Tenn et lyyyyys” vart det berre “…lyyyyys…” Jaja. Dette skal eg øve meir på, så når vi skal synge på julekonsert 11. desember, satsar eg på at det skal gå betre.

I dag har vi tent adventslys på skulen og øvd på Romeo og Julie. Kristian har funne ut at det berre er 21 dagar til juleavslutninga…

1 Comment

  1. leigebuaren said,

    November 28, 2005 at 20:32

    Fint med blogg, men eg er littegranne bekymra for korleis det går med deg og Håvard, når dåkke må snakke med kvarandre her, i staden for heime i sofaen (slik vi gjer ganske masse…). Men sia dåkke var på date går det vel bra:)

Post a Comment